Utvidar med ny røyrleggar i Valldal

Bjørn Ove Olsen (til høgre) er svært nøgd med å ha fått Jørn Iversen med på laget.

Med ny medarbeidar busett i Valldal, er stordalsbedrifta Sunn Rør i større grad enn før tilgjengeleg også inst i fjorden.

Det er ein særs nøgd dagleg leiar Bjørn Ove Olsen som presenterer «nyanskaffinga» Jørn Iversen.

Ligg til familien

Iversen har vore røyrleggar i over 20 år og fortel at han nesten har det i genane.

– Far min var også røyrleggar, seier karen frå Fredrikstad, som no har busett seg i Muriåsen i Valldal.

Iversen fortel at han har budd i Valldal berre nokre få veker. Han har arbeidd for Olsen nesten like lenge. Og som med så mange andre så var det kjærleiken som fekk han til å flytte. Å ha hund generelt og labrador spesielt, kan føre til så mangt, også det å treffe nokon å bli glad i.

– Eg har labrador og ho driv med oppdrett, så det var slik vi treftest. Det heile har gått ganske fort, men når det kjennest rett, er det ingen grunn til å vente, seier den blide østfoldingen.

Veks langsamt

Sunn Rør er ei relativt ung bedrift, men har vakse langsamt, men jamnt og trutt dei knappe fem åra ho har vore i drift. Målet ved etableringa var å danne ei røyrleggarbedrift som kunne tilby eit breitt utval av røyrleggartenester, og å vere solid og allsidig. Olsen seier det har vore viktig å vekse langsamt, slik at dei har kunna halde på målet om at kunden skal få det han har krav på og betalar for – og endå litt til.

Med Iversen på laget har Sunn Rør no seks tilsette og dekkjer eit stort område: frå Ålesund og heilt inn fjorden, i tillegg til Stranda og Hornindal. Montørane bur litt rundt omkring, men Olsen fortel at montørane er representerte i dei fem kommunane Norddal, Stordal, Stranda, Ørskog og Skodje.

Bedrifta har lager på Stranda og går med planar om å opprette eit akuttlager også i Valldal. Olsen ser for seg at dei no kjem til å få meir å gjere inne i fjorden etter kvart og er svært nøgd med at det også i Norddal kommune er kort veg ut til kundane og god beredskap.

Stille i august

Med seks tilsette er Sunn Rør ei relativt stor verksemd.

– Men er det nok arbeid til å sysselsette så mange her inne?

– Statistisk sett vert det rekna éin rørleggar per tusen innbyggjarar, seier Olsen og vi dekker et geografisk stort område i tillegg til at vi har mykje arbeid i Ålesund.

I Geiranger er det også ein del arbeid på campinghytter for tida. Dessutan er det fleire større prosjekt som på gang i Stordal, som Olsen håper dei kan få.

– August har vore ein stille periode, det gjeld ikkje berre for oss, men for heile bransjen. Men no er det i ferd med å ta seg opp, seier han. At det er fleire røyrleggarar som konkurrerer om jobbane, synest han berre er bra.

– Konkurranse er sunt, ikkje berre for kunden, men for oss også. Det bidrar til å halde oss skjerpa med omsyn til både pris og kvalitet, slår han fast.

Høg kompetanse

Vegg i vegg med frivilligsentralen i Stordal har bedrifta kontor og lager. Her er det både baderomsinnreiingar og anna utstilt. Det dei ikkje allereie har på lager, kan skaffast – så og seie på dagen. Olsen fortel at dei tar på seg alle typar jobbar, alt frå skifte av pakning i ei kran til større ting – i det heile, alt som har med røyr å gjere, er røyrleggaren sitt felt, får Storfjordnytt sin utsending vite.

Kompetansen i bedrifta er det ingenting i vegen med, vi har to med meistertittel, éin vvs-ingeniør, fire med sveinebrev, og så har vi éin lærling.

Britt Ingunn Maurstad
britt@storfjordnytt.no