Uvisst når det vert breiband til alle

Ola Engvik er divisjonssjef for fiber i Tafjord Marked AS. Han orienterte om status på fiberutbygginga i Norddal kommune – og også litt om vegen vidare.

Det var konklusjonen etter tysdagens møte med tittelen «breiband til alle i Norddal kommune – når og korleis».

Ettersom innleiarane Ola Engvik, divisjonssjef for fiber i Tafjord Marked AS og dekningsdirektør i Telenor Norge, Bjørn Amundsen, vart forseinka til møtet, starta det med at Audun Skjervøy fortalde om arbeidet til breibandnemnda og rapporten som vart lagt fram til politisk behandling for to år sidan.

Prioriteringar

Skjervøy var krystallklar på kva prioriteringar kommunen burde gjere – og meinte at når Norddal kommune kan bruke nærare 70 millionar kroner på idrettshall, så bør kommunen kunne bruke 23 millionar kroner på å syte for at innbyggjarane i kommunen får skikkeleg breiband. Skjervøy peikte på at denne summen skal delast mellom utbyggjar og Norddal kommune etter ein fordelingsnøkkel, det vil seie at Tafjord Marked AS tar inntil ein viss sum og kommunen resten.

– Dette ville ha kosta kommunen 12-13 millionar kroner, føresett at nok husstandar er viljuge til å kople seg på, meinte han og minte om kommunestyrevedtaket om å sjå på måtar å finansiere dette på slik at kapitaldelen av elverkfondet kan nyttast – det vil seie at kommunen i så fall må vere eigar av infrastrukturen.

– Det ville vere ein stor unnlatingssynd om det ikkje blir jobba for fiber til alle husstandar, slo Skjervøy fast og minte om at det vel knapt finst unge som vil busetje seg der det ikkje er skikkeleg nett.

Utkantane står att

Ola Engvik meiner at 82 prosent av innbyggjarane i Norddal kommune har tilgang til fiber per i dag og at det som står att, er utkantane som er dei dyraste og han seier spørsmålet er korleis ein skal få det til.

Engvik slo fast at dei frå Tafjord Marked AS sin side er positive til alle former for samarbeid – som til dømes i Stranda der Stranda Energi har bygd ut og eig fibernettet og Tafjord leverer signal.

Telenor

Bjørn Amundsen, dekningsdirektør i Telenor Norge, var til stades og orienterte om dei mobile løysingane.

Bjørn Amundsen, dekningsdirektør i Telenor Norge, var også til stades på møtet. Han syntest initiativet frå kommunen var positivt. Han var invitert for å snakke om dei mobile løysingane – og fortalde at Telenor har som mål at alle skal ha tilgang til utandørs 4G i løpet av året. Noko av grunnen til det, er at det meste etter kvart vil gå føre seg på nettet.

– Det kjem til å skje kjempefort og vil endre måten vi lever og bur på, slo han fast og la til at regelverk også er nøydd til å endrast på i takt med utviklinga.

Også Telenor opnar for samarbeid om ulike løysingar, også i område der utbygging ikkje er kommersielt lønsamt.

– Med samarbeid kan ein stort sett få til det meste, meinte han og la til at til private husstandar er det utan tvil fiber som er det beste.

– Men det er ikkje alle stader det går, då må ein sjå på alternativ, sa han.

Skeptiske til radiolink

Ordføraren var ute etter tilrådingar om korleis alle i kommunen skal få internett med akseptabel kapasitet i løpet av dei komande tre åra.

Amundsen trur kommunen er på god veg allereie.

– Og om de får nok Nkom-midlar kan de køyre fiber til alle, sjølv om det er ein liten og komplisert kommune der det kostar mykje å byggje ut, sa han.

Ola Engvik såg føre seg at ein med Nkom-midlar byggjer ut fiber så langt ein klarer og så nyttar teknologien til Telenor for å dekkje ytterpunkta.

Begge dei to karane var skeptiske til ei løysing med radiolink.

Nkom-søknad

Kommunalsjef Hilde Dyrkorn arbeider med ein søknad om Nkom-midlar. Ho var ute etter å få så mange høyringsuttaler som råd for å kunne byggje opp ein så god argumentasjon som mogleg for kvifor nettopp Norddal kommune treng  slike midlar. Ho ba alle, private og verksemder, om å sende inn nokre ord om kva nettopp dei treng nettet til og korleis situasjonen er i dag. Det er framleis ikkje for seint å kome med slike innspel, og ho ber folk om å kome med merknader i løpet av dei næraste dagane.

Engvik sa det er blitt slik at det er mange fiberaktørar rundt om i landet, kommersielle alle saman og dei aller fleste er kraftaktørar med krav om inntening. Han meinte breibandutbygging nesten burde ha vore eit statnettprosjekt, for slik det er no er det «indrefileten» som vert bygd ut og ikkje resten.

Rådmann Tor Helge Stavdal var også til stades på møtet. Han minte om at god nettdekning i dag handlar om meir enn å sjå film og tv. Han gjekk nesten så langt som å seie at god nettdekning i dag nesten er ein menneskerett – med alt frå lekselesing, til streaming av film og serier, til velferdsteknologi og slike ting.

Britt Ingunn Maurstad
britt@storfjordnytt.no