Valldal Aktivitetspark fekk Målprisen 2017

Gro Marita Stennes Valdal tok imot Målprisen 2017 på vegner av Valldal Aktivitetspark. Utdelar var leiar av Norddal mållag, Elida Brenna Linge.

Når Norddal mållag  samlast til årsmøte, er det også tid for prisutdeling. Slik var det også tysdag ettermiddag.

KORT SAGT

Norddal mållag er eit lokallag i Noregs Mållag.

Norddal mållag er til for alle i Norddal kommune som ønskjer å arbeide for dialektar, nynorsk språk og kultur.

Norddal mållag ønskjer å styrke medvitet om det nynorske språket, språktradisjonane i kommunen og også det lokale kulturlivet.

Norddal mållag ser det som viktig å arbeide for nynorsken, sjølv i «kjerneområdet for nynorsk», for språket er under press utanfrå – særleg gjennom media.

Kjelde: heimesida til Norddal mållag

Ein glad og rørt Gro Marita Stennes Valdal mottok målprisen på vegner av Valldal Aktivitetspark.

Eit medvite val

Ho fortel at då aktivitetsparken vart skipa, var det heilt naturleg for henne at målforma skulle vere nynorsk, men at ho hadde eit par rundar med makker Erlend Hjelme om akkurat det.

– For han var ikkje målforma så viktig eigentleg, men eg er vaksen opp med nynorsk og vi held til i ein nynorskkommune, derfor synest eg det var heilt naturleg at også aktivitetsparken skulle ha nynorsk som si målform, seier ho.

Grunngjevinga

I grunngjevinga for tildelinga av årets målpris, står det slik å lese:

«Valldal Aktivitetspark har sidan oppstarten brukt ein frisk og moderne nynorsk i kommunikasjonen med den stadig veksande gruppa av begeistra gjester som kjem til klatreparken for å teste sine eigne grenser i løypene mellom høge tre på Hjelma.

Aktivitetsparken informerer klatreglade barn, unge og vaksne gjennom sosiale medium, skilting og anna informasjonsmateriell på eit medvite og godt språk. Klatreparken viser såleis at nynorsk er eit språk som eignar seg framifrå til marknadsføring, også overfor bokmålsbrukarar. Samtidig er nynorsken med på å setje eit solid kvalitetsstempel på Valldal Aktivitetspark.

Det er avgjerande for framtida til nynorsken at han er i dagleg bruk. Valldal Aktivitetspark bidreg til ein levande nynorsk langt utanfor lokalmiljøet sitt.»

Samfunnsansvar

For Gro Marita Stennes Valdal er det å ha eit medvite forhold til målform, ein måte å ta samfunnsansvar på, ein måte å vise at det går an å ha eit godt og levande språk, også på nynorsk.

– Eg vil kalle meg sjølv ein stolt nynorskbrukar, seier prisvinnaren som er oppteken av at språket må vere naturleg – uansett målform.

Ho har heller ikkje registrert at aktivitetsparken har fått reaksjonar på nynorskbruken.

Diplomen, som er laga av Ingvild Hansen Nystad, skal hengast opp. Kvar det blir, er ho ikkje sikker på, men trur kanskje at det er rettast at den heng ein eller annan stad i parken.

Nytt styre

Etter prisutdelinga var det dei vanlege årsmøtesakene, mellom anna med val av nytt styre.

Ifølgje årsmeldinga var 2017 eit aktivt år for mållaget, og det store prosjektet dette året var arbeidet med biletboka «Norddal i bilete IV». Boka har vore populær og har selt godt.

Skal ein tru meldinga om det nye styret i etterkant av årsmøtet, vart det nye styret i tråd med innstillinga frå valnemnda.

Dermed består det nye styret for Norddal mållag av Elida Brenne Linge som tok attval både som styremedlem for to år og som leiar i eitt år. Med seg i styret har ho Audun Skjervøy og Eli Linge Boatwright og ingen av desse var på val denne gongen.

Nye varamedlemmer til styret er Åshild Dale og Kristi Linge Stakkestad.

Britt Ingunn Maurstad
britt@storfjordnytt.no