Valldalselevar streika for klimaet

Dei klimastreikande elevane var innom rådhuset i Valldal. Frå venstre: Madelen Magnussen, Anna Kårstad Sunde, ordførar Arne Sandnes, Emilie Omenås, rådmann Karl André Birkhol, Tonje Vidarsdottir Almstad, Anne Lise Strømme og Martine Dahl Frostad

Seks elevar frå Valldal skule streika fredag for klimaet og ein tur innom rådhuset for ein prat med både ordførar og rådmann var av det som stod på programmet.

Lokalavisa treffer elevane på servicetorget på rådhuset i Valldal og på spørsmål om kvifor dei har valt å klimastreike denne dagen, seier Anna Kårstad Sunde at noko må gjerast om dei skal få oppleve å sjå barnebarna sine vekse opp. Dette er med andre ord ungdommar som tenkjer eit godt stykke fram i tid.

Flott engasjement

Ordførar Arne Sandnes synest det er flott at ungdommen engasjerer seg.

– Det er ikkje tvil om at forbruksmønsteret vårt kan vere ein årsak til klimaendringane og at det er viktig å vere føre var, sa han og fortalde at han sjølv prøver å vere meir miljøvenleg i kvardagen og at han også tenkjer over korleis han kan bidra til å redusere utslepp.

– De har gode plakatar, tankevekkjande plakatar. Og så er det jo de som skal overta etter oss gamle slik at det er dykkar klode vi snakkar om, slo han fast. At elevar som klimastreiker landet over skal få fråvær for initiativet i ei så viktig sak, er han sterkt imot.

Madelen Magnussen fortalde at det var fleire på skulen som ville vere med på klimastreiken, men at det var mange som av ulike grunnar ikkje fekk lov heimanfrå.

Tips til ordføraren

Ordføraren ville gjerne vite kva kommunen kan bidra til for å hjelpe miljøet. Anna Kårstad Sunde meinte at ein stad å starte, er i mat- og helsefaget der det kan bli eit større fokus på vegetarmat.

– Eg er tilhengar av å teste ut skulefrukost og også meir vegetarmat, men vi samtidig oppretthalde norsk landbruk, sa ordføraren som gav uttrykk for at han gjerne tek imot innspel frå ungdommen, ikkje berre i klima- og miljøspørsmål men også om anna.

Eitt konkret til tak ungdommane etterlyste, var fleire søppelkasser som dei har snakka med kommunen om tidlegare og på den måten bidrege til at det er kome opp søppelkasser langsmed «Bedringens veg», men at det har stoppa der.

– Det er mykje søppel som ligg og flyt, og vi trur det er lettare for folk å la vere å kaste søppel i naturen om det er fleire søppelkasser, sa Madelen Magnussen .

Streikar heile dagen

Elevane har planar om å streike heile skuledagen og etter å ha vore på rådhuset, skal dei ta seg ein runde i sentrum før dei skal opp på skulen for å halde appell der.

– Den skal vi filme og sende til NRK Møre og Romsdal, i tillegg har vi snakka med Sunnmørsposten. Det er viktig å få merksemd kring dette, meinte Madelen Magnussen og la til at rektor virka positiv til streiken, sjølv om det blir ugyldig fråvær på dei denne dagen.

– Det er trist at mange ikkje har fått lov til å delta, mykje på grunn av fråværet, supplerte Anna Kårstad Sunde.

Rådmann Karl André Birkhol synest elevane viser eit strålande engasjement. Han meiner også det blir feil å få ugyldig fråvær for engasjementet og lova elevane å sjå på akkurat det.

– De viser at de har meir kunnskap og engasjement enn vi som kallar oss vaksne, slo han fast. Rådmannen la til at sjølv om klima er gjenstand for naturlege svingningar, så er det vi menneske driv med med på å forsterke svingningane.

– Kva gjer mest inntrykk på dykk, kva synest de er mest skremmande, ville rådmannen vite.

– All plasten, slo Madelen Magnussen fast og la til at det er eit menneskeskapt materiale som naturen ikkje greier å handtere.

Blir tekne på alvor

Anna Kårstad Sunde var nøgd med møtet med dei to øvste i Norddal kommune.

– Dei viser at dei er engasjerte og eg synest det er bra at vi har ein ordførar og ein rådmann som tek oss seriøst sa ho.

– Er det elevar på skulen som ikkje er spesielt opptekne av miljøet?

– Ja. Det er mange som seier at dei ikkje gidd å vere med på dette, seier Madelen Magnussen. Ho meiner at det ikkje går an å ikkje vere engasjert. Derfor vil dei prøve å påverke så langt dei kan, mellom anna ved å gje dei informasjon.

– Kva gjer de sjølve i det daglege for miljøet?

– Hos oss har vi fleire kjøtfrie dagar i veka, vi kjeldesorterer og flyg ikkje så mykje på ferie. Dessutan brukar vi bilen minst mogleg, fortel Anna og dei andre heng seg på med å forteljat dei er blitt meir opptekne av å kjøpe brukt – og dessutan så kjøper dei ikkje like mykje som før.

– Det blir mykje avfall av å byte telefon og pc ofte, og vi treng jo eigentleg ikkje byte kvart år, seier jentene.

Streikar gjerne fleire gongar

På spørsmål om kva dei håper skjer framover, er jentene tydelege på at dei håper regjeringa tek tak. Lista over tiltak er heilt konkret – som å ikkje byggje ein tredje rullebane på Gardermoen, ikkje opne nye oljefelt og å ikkje opne for oljeleiting i Lofoten, Vesterålen og Senja.

– Vi forventar at dei tek vare på kloden vår, seier elevane.

– Det høyrest ut som det er fleire framtidige politikarar her …?

– Politikk verkar interessant og spennande og så har ein høve til å påverke, seier dei som slett ikkje vil utelukke at dei kan verte å sjå i politikken når dei blir gamle nok til det.

– Kjem de til å streike fleire gongar?

– Det er kjempedumt at det er nødvendig å gå til streik. Vi er mange i heile landet som streikar og vi håper det skal hjelpe, men vi er heilt klart opne for å gjere dette fleire gongar viss det er nødvendig, seier dei.

På spørsmål om kvar dei miljø- og klimaengasjerte gutane er, får lokalavisa til svar at dei trur at jenter kanskje bryr seg meir og har meir kunnskap, men at det er gutar også på skulen som er opptekne av miljøet sjølv om dei ikkje er med på streiken.

Britt Ingunn Maurstad
britt@storfjordnytt.no