Vegen austover opnar i morgon, onsdag 9. mai

Slik ser det ut på fjellet akkurat no. Foto: Statens vegvesen.

Statens vegvesen opnar vegen mellom Geiranger og Langvatn for trafikk etter vinteren i morgon, onsdag 9. mai, klokka 15. Det er den nest tidlegaste opninga dei siste 10 åra.

– Det har eigentleg vore ein vinter der hard og tung snø har gitt oss utfordringar med fresinga. Men vi fekk god hjelp av mildveret i april og gode vêrutsikter gjer at vi kan opne fjellet tidleg i år, fortel byggeleiar Kåre Berge i Statens vegvesen.

Det er fortsatt tidleg vår og vegen ligg på over 1000 meter på det høgste. Det kan fortsatt kome snø og kulde og vegen vil bli stengt på kort varsel om det ikkje er farbart for køyretøy på sommardekk.

Trafikantane må difor halde seg oppdaterte på trafikkmeldingane på www.175.no.

I fjor opna vegen 26. mai, og dei ti siste åra har vegen stort sett opna rundt dei tider – altså i siste halvdel av mai månad. Unnataket var i 2008, då opna ikkje vegen før 6. juni. I 2014 var opninga enno litt tidlegare enn i år, då opna Statens vegvesen vegen allereie 7. mai.

Britt Ingunn Maurstad
britt@storfjordnytt.no