Vegen opnar i kveld

Etter klokka 19 i kveld slepp ein å sjå dette skiltet når ein køyrer gjennom Eidsdal.

Statens vegvesen opnar fylkesveg 63 mellom Eidsdal og Geiranger i kveld, onsdag 23. januar klokka 19.

Det blir no jobba på spreng fram til opning og det er mykje masse som skal fjernast frå vegen. Det kan vere at han ikkje er rydda i full bredde alle stadar til opningstidspunktet. Trafikantane må difor vere førebudd på at det kan bli ryddearbeid i morgon også, men da vil vegen vere open for trafikk, seier Statens vegvesen i ei pressemelding.

Ferja mellom Geiranger og Hellesylt går etter oppsett rasrute ut dagen. Rutetidene finns må www.frammr.no.

SMS-varsling

Statens vegvesen har SMS-varsling for open/stengt veg på fv. 63 mellom Eidsdal og Geiranger. Tenesta er gratis. Dei som ønskjer å melde seg på må sende GEIRANGER START til tlf 2252.