Vegen rasa ut på Langhaugen i Stordal

Dei som går over rasstaden på vegen til Langhaugen for å skifte bil, føler seg ikkje heilt trygge. Foto: Hildegunn Langhaug Berli.

Torsdag morgon vart bebuarane på Langhaugen i Stordal veglause. Delar av vegen hadde rasa ut og det er uvisst når dei får veg fram til garden att.

Hildegunn Langhaug Berli fortel at dei har ordna seg med ein bil på kvar side av rasstaden, men at dei kjenner seg utrygge når dei skal gå over rasstaden der mykje av vegen er vekke. Ho håper dei snart får veg att.

Trond Alstadsæter i teknisk eining i Stordal kommune fortel at det nokre dagar før raset gjekk var observert sprekker på utsida av vegen. Vegen vart stengt – for sikkerheits skuld – og geolog skulle kome torsdag for å sjå på sprekkene.

– Då vi kom på staden torsdag med geologen, var vegen rasa ut, fortel Alstadsæter. 

Dagen etter var geoteknikar på staden og det ein no ventar på, er rapporten frå både geolog og geoteknikar.

– Geologen seier noko om årsaken til at vegen rasa ut, geoteknikaren seier noko om korleis kommunen skal angripe saka, kva moglegheiter vi har til å setje i stand att vegen, seier Alstadsæter.

Han fortel også at kommunen har vore i kontakt med Statens vegvesen.

– Vegvesenet har ei beredskapsavdeling for bruer og vi har vore i kontakt med dei for å høyre om det kan vere mogleg å leige ei midlertidig bru for å sikre dei som bur på Langhaugen trygg tilkomst i mellomtida. Det er det eg har av opplysningar å gje akkurat no, avsluttar Alstadsæter.

Britt Ingunn Maurstad
britt@storfjordnytt.no