Veks litt kvart år

Jørund Ringset får sendt brygg ut til tradisjonstyrste kundar gjennom grossist Giørtz.

Trollbryggeriet i Liabygda vekst litt kvart år og volumet på produksjonen av øl på same viset. Dette året håper dei å produsere 110.000 liter Slogen-øl, ølet dei har brygga sidan 2009.

Der det ein gong var daglegvarebutikk i Liabygda held Trollbryggeriet til. Onsdag førre veke stod ein stor lastebil utanfor med kran og stålkonstruksjonar.

Ny produksjonshall

Viss alt går slik dei håper skal den nye hallen innehalde eit heilt nytt bryggeri med tid og stunder. I fyrste omgang skal det på plass gjærings- og lagertankar tidleg denne sommaren. I tillegg skal dei bruke plassen til lagerplass. I fjor produserte dei 90.000 liter og no køyrer dei ikkje lengre rundt og leverer ølet sitt sjølve.
– Det er vel eit år sidan vi sette bort alt av distribusjonen, no kjem det bil og hentar og gjer den jobben for oss, seier Jørund Ringset.

Stor satsing

Det er eit stort økonomisk lyft å få på plass den nye hallen, og til å hjelpe seg har dei Innovasjon Norge og Sparebanken Møre i tillegg til eigne midlar. Det tyder at det ikkje berre er dei sjølve som trur på det dei driv med. Dei har heile tida planar dei arbeider med, men dei vil ikkje vekse fortare enn dei kan kontrollere. «Trollstua» som dei tenkjer seg som ein liten serveringsstad, har vore med i planane lenge, men ligg enno litt fram i tid.
– Akkurat no har vi rikeleg å henge fingrane i, så får vi sjå når dette byggetrinnet er ferdig, seier bryggaren frå Ringset. Bilen frå grossist Giørtz er til stades og denne gongen skal den ta med seg heile åtte pallar av trollbrygget til ganar rundt om på Sunnmøre. Det er ein stor leveranse og det heng saman med påskehøgtida.

Bryggerikunnskap

Når portane er opne og Jørund har eit nytt brygg på gang, kjenner du godt lukta utanfor. Reisverket i stål veks medan vi står og pratar. Utvendig skal bygget vere ferdig i månadsskiftet mai-juni.
Dei fekk ein del dårlege kritikkar på juleølet sitt i dei store avisene før jul og Jørund seier dei ikkje heilt skjønte det.
– Kanskje var det sterke juleølet litt mykje humla. Vi arbeider heile tida med å lage brygget best mogleg og lærer mykje undervegs. Om ein har all verdas kunnskap om brygging må du òg ha det utstyret som skal til. Det er særs viktig når volumet vert stort og det skal handterast, seier Jørund Ringset.

Alfred Nilsen
alfred@storfjordnytt.no

Jørund Ringset får sendt brygg ut til tradisjonstyrste kundar gjennom grossist Giørtz.

Jørund Ringset får sendt brygg ut til tradisjonstyrste kundar gjennom grossist Giørtz.