Velkomen om bord til oss i Fjord1

Det er ei fast stamme som sit i salongen på ferja frå Eidsdal over Norddalsfjorden klokka kvart på åtte morgonen.

Når ferja frå Linge legg til kai og klokka er ti over halv åtte, er det nesten ingen bilar som står i ferjekø på kaia i Eidsdal.

Men når ferja legg frå kai og klokka er 07.45 er det mange bilar på dekk.

Proffe pendlarar

På dei fem minutta kjem det bilar frå alle kantar og finn plassane sine om bord. Mange nyttar denne avgangen for å kome seg på jobb i Valldal og Stordal, og nokre endå litt lenger. Ikkje alle forlet bilane sine og går ned i salongen. Dei sit i bilane sine og nyt stillheita, høyrer radio, jobbar litt eller vil berre vere for seg sjølve.

Nede i salongen er det ein fast plass pendlarane frå Geiranger, Eidsdal og Norddal samlar seg. Dei har nesten faste stolar alle saman i tillegg til ein god porsjon humor. Ein av dei faste er ikkje der i dag og nokon spør om han har gyldig grunn. Dagen etter er ein annan borte, det òg vert nemnt. Klokka på veggen har stoppa, eit samtaletema like godt som noko anna, til ein melder seg frivillig til å ta med skrutrekkar og bytte batteri ved høve.

Lang erfaring

Dama frå Fjord1 ønskjer alle velkomen om bord og Storfjordnytt sin undercover bladfyk legg merke til at det er ein tendens til at damene og herrane naturleg skil seg. Gutelaget vert seriøse og startar å snakke om pensjon, AFP og 62, damene berre observerer.

– Før i tida kunne vi snakke om kva som hadde skjedd eller kva som skulle skje når helga kom. Vi vert eldre og no snakkar vi om pensjon, seier ein. Nokre gongar snakkar alle i same samtalen, andre gongar småpratast det rundt borda til eit fellestema kjem opp att. No er det gateadresser og namn på vegar det snakkast om. Nokre har ikkje fått med seg at skilta som fortel kva vegen heiter er komne opp, men veit godt kva vegen heiter. Posten sin representant nyttar høvet til å orientere om at no må folk tydeleg merke postkassene sine og i tillegg til for- og etternamn skal òg namnet på vegen med nummer stå, no snakkar ho til alle.

Komen over

Dama i taket startar på nytt å orientere, og denne gongen fortel ho at det berre er nokre minutt att før ferja legg til på Linge.

– Kven er det som står fremst, vert det spurt, men ingen rører på seg. Dei veit når dei må reise seg. Ein pendlar som er komen litt ut av rytmen, må ta i bruk hjelpemidlar når han forlet salongen og ikkje berre instinkt. På den sida kiosken er, der er trappa opp på dekk med retninga mot Linge. Ein god tommelfingerregel, men kvar var det eg sette frå meg bilen?

Alfred Nilsen
alfred@storfjordnytt.no