Velkomen som abonnent på Storfjordnytt

Med novemberkampanjen får du dei to siste månadene i 2015 med på kjøpet som abonnent for 2016.

Avisa kjem ut kvar torsdag og er som alltid full av lokalt stoff frå bygdene i Norddal og Stordal i tillegg til nokre av bygdene i Stranda.

Er du glad i å fotografere kan du dele det med lesarane våre ved å sende inn lesarbilete til post@storfjordnytt.no. Det ver ttrykt på baksida av avisa kvar veke. Fotominne og elles gamle bilete frå området er vi alltid interesserte i, då gjerne med årstal og kven det er bilete av.

På heimesidene våre, storfjordnytt.no, er nokre av sakene vi har i papirutgåva presentert i tillegg til lesarbilete og tilbakeblikk. Der finn du òg annonsesidene frå sist avisa sist veke og vår lokale guide for bedrifter i området.

Ta gjerne kontakt med oss om det er noko du vil avisa skal engasjere seg i eller om du har eit nyheitstips til oss.

Ha ei fin førjulstid og kos deg med lokalavisa!
[Form id=»12″]