«Venner for livet»

Bilde frå ei av øvingane. ”Wunderbaum oppi speieli, då stende damene i kø og vil kome inni”. Anar vi konturane av ein Granada og Vassendgutane? Foto: Per Jomar Nerli

Det er tittelen på årets kabaret med ungdomskuleelvane i Valldal, ein årleg tradisjon sidan 2001.

Årets kabaret går av stabelen førstkomande fredag og laurdag.

I 2001 vart den første Riv skulen-kabareten gjennomført. Det var i samband med riving og ombygging av skulen. Sidan har dette vorte eit stadig meir populært arrangement, og dei siste åra har det vore to framsyningar, ei på fredag og ei på laurdag.

Kabareten er eit arrangement der elevane står for alt, både framføring på scena, lyd og lys. Til å skaffe pengar i kassa har dei fått med seg føresette, som har teke ansvar for kafeen i pausa. Dei lovar ein kveld med mellom 20 og 25 innslag, nokre med alle elevane på scena, andre med berre ein til to personar. I samabnd med kabareten er det sett opp gratis skyss til og frå ferjekaia på Linge for elevar frå femte til tiande klasse ved Eidsdal skule. Dette krev påmelding.

Randi Flø
randi@storfjordnytt.no