– Ver med og bidra

Petter Lingaas (f.v.), Hans Olav Muri, Terese Jemtegård Moen og Andres Jørgen Gjerde er med i gjevargruppa som no inviterer til innsamlingsavspark tysdag i neste veke.

Gjevargruppa til det nye bygget for idrett og kultur inviterer bedrifter, lag og organisasjonar i Norddal kommune til møte førstkomande tysdag. Terese Jemtegård Moen som er del av givargruppa på vegner av Valldal skulekorps, seier at møtet markerer avsparket for innsamlingsarbeidet der det skal samlast inn pengar til innkjøp av utstyr av ymse slag til hallen.

Gjevargruppa er sett saman av representantar frå Valldal skulekorps, Valldal hornmusikklag, Valldal idrettslag i tillegg til to representantar frå næringslivet. Jemtegård Moen fortel at hornmusikken har tatt på seg kasserarjobben for innsamlinga, og eigen konto er blitt oppretta for føremålet. Innsamlinga har i og for seg halde på ei stund, inntektene frå olsokkonserten går til utstyr til hallen, det same gjer inntektene frå vedsalet.

– Vi håper altså på pengegåver til utstyr slik at både hallen og kulturhuset kan kome opp og stå med det som er nødvendig av utstyr, seier ho. På møtet tysdag vil gjevargruppa presentere ei oversikt over kva for utstyr det kan vere snakk om å samle inn pengar til. Så håper givargruppa på innspel frå dei frammøtte om kva dei ulike har høve til å bidra med. – Vi har allereie fått positive signal frå nokre, men vi håper sjølvsagt å få med flest muleg. Difor håper vi at folk møter opp på skulen tysdag, seier Jemtegård Moen. Det vert også litt å bite i denne kvelden – Sparebanken Møre stiller med pizza og brus.

Britt Ingunn Maurstad
britt@storfjordnytt.no