Vi burde leike mykje meir

Per Anders Nordengen fekk salen til både å storflire og tenkje. Han er ein engasjerande kåsør som heller brukar seg sjølv framfor å gøyme seg bak fine presentasjonar på lysark.

Meir leik har vore Mental Helse Stordal sitt mantra i årevis, og førre veke fekk vi høyre det av kåsør Per Anders Nordengen som i tillegg slo fast at alle har ei fysisk og ei psykisk helse.

Ein kveld i lag med Per Anders Nordengen gjer godt for den mentale helsa, særleg etter å ha vore på kommunestyremøte der ikkje så veldig oppløftande rekneskapstal vart diskutert. Og sjeldan har ei forsamling humra så godt i lag som onsdag kveld då Nordengen ville ha dei med på ein time med «ordsmaking». For han meiner at orda vi bruker i stor grad påverkar den psykiske helsa vår.

Verdsdagen viktig

Nordengen meinte at verdsdagen for psykisk helse er ei feiring av det viktigaste vi har, for psykisk helse er noko vi alle har. Han er oppteken av den gode kvardagshelsa – og ikkje minst, at vi må arbeide for å fjerne ein del av fordommane vi har mot dei som innimellom slit med den psykiske helsa.

Han slo fast at alle består av to ting, den fysiske helsa som alle kan sjå og den psykiske helsa som er verre å få auge på.

– Alle har psykisk helse, det er då ingen som ikkje har kjensler, meinte Nordengen som vil at det må bli like alminneleg å slite med den psykiske delen av livet som den fysiske helsa.

– Alle får vondt i kjenslene frå tid til annan, akkurat som vi får influensa. Det er i grunnen rart at det skal vere så flaut å seie at vi har vondt i tankane, at det skal vere så veldig flaut å seie at vi har vore hos psykolog, sa han. Å normalisere og alminneliggjere slik at det ikkje er rarare å ha vondt i det som ikkje synest, er noko han jobbar mykje med.

Paradoks

Eit stort paradoks er at vi aldri har hatt det betre her i landet og aldri har så mange slitt så mykje med livet sitt. Nordengen lurte på kva det kjem av.

– Kvifor har vi det ikkje betre når vi har det så godt?

Han trur det er prestasjonspresset som slit, særleg på ungdommen, at dei må vere vellukka på alle frontar og få så mange ”likes” som mogleg.

– Du er god nok som du er. Livet ditt er bra nok. Kroppen din er bra nok. Kvardagen din er bra nok. Mange slit fordi dei ikkje kjenner seg bra nok og vi må hjelpe dei til å senke forventningane til livet. Alle strever med livet av og til, det er heilt normalt, slo Nordengen fast og ville slå eit slag for det å vere bra nok, heilt alminneleg og samanlikna livet med stigespelet.

Det er nemleg nesten umogleg å kome i mål i stigespelet utan å ramle ned ein eller fleire gongar.

– Slik er livet også.

Forventningar til livet

Nordengen meiner vi har urealistiske forventningar til livet.

– Men livet er så mykje, det er herleg, vanskeleg, det er glede og sorg, latter og tårer. Dette korte nydelege vanskelege strabasiøse og fantastiske livet, vi må ikkje gje opp, syntest han.

Noko anna han er oppteken av,  er at alle ”vondter” no er blitt sjukdom.

– Alle er litt pjuske innimellom, men vi treng då ikkje ta ein pille for det minste ubehag, sa han og lurte på om vi eigentlig er blitt meir pysete. Han minte oss om at psykisk helse er noko vi må trene på – vi må trene på å ha noko å glede oss over.

– For om vi ikkje har noko å glede oss til eller glede oss over, då har vi ikkje noko godt liv, slo han fast og la til at det er så mykje å glede seg over; gode vener, vakre haustfargar, godt vêr.

– Dei som har noko å glede seg over, har god psykisk helse, meinte han og meinte at vi alle kan velje kva som skal vere hovudforteljinga i liva våre. Vi kan velje å sjå det positive heller enn det negative, å velje å glede oss over noko i staden for å sørge over noko.

Gje meir blaffen

Nordengen var også oppteken av at vi må vere rause, romslige, vi må leike meir – kort sagt vere litt gale.

– De har ein fabelaktig klatrevegg her, kom dykk opp i den, ikkje ta alt så alvorleg, ikkje ver så kritiske – gje litt blaffen, var hans råd til forsamlinga og han meinte bestemt at den dagen han ikkje lenger har humøret sitt, ikkje lenger leikar og er litt gal, den dagen er han blitt gammal. Han meinte vi har mykje å lære av borna når det gjeld kvardagsglede. Men han var kritisk til oss foreldre og besteforeldre – som stadig blir meir pysete på vegner av borna.

– Ein god barndom er ein barndom med masse skrubbsår, berre dei har eit fang å kome til. I det heile tatt, vi må slå oss meir og borna blir sjuke av for mykje forsiktigheit, dei blir ikkje herda for å takle livet, meinte han.

Men det aller verste for den psykiske helsa vår er å bli oversett. Og det aller viktigaste for kvardagshelsa er at vi ser kvarandre og å akseptere at vi er bra nok som vi er. Vi må akseptere at det er heilt normalt å vere litt unormale og vi må slutte å kalle alt sjukdom, sa han.

– Skal eg vere tafatt eller skal eg ta fatt? Vi bestemmer i stor grad sjølv, for det handlar ikkje berre om korleis vi har det, men korleis vi tar det, sa han og meinte at bekymring er noko av det verste vi kan drive med, sutring også. Det tappar energi frå den mentale helsa vår.

Publikummarane hadde mest ikkje lyst til å gå sin veg då kåseriet var ferdig, eit godt teikn. Og for underteikna sin del, det var godt for den mentale helsa å få vere til stades.

Britt Ingunn Maurstad
britt@storfjordnytt.no