– Vi får vente og sjå

Vatn må du ha skal du drive med jordbær, seier den allsidige bonden Aksel Indreeide i Valldal.

I jordbæråkrane til Aksel Indreeide i Valldal er det for tida vatning og sprøyting og han meiner åkrane i år ser betre ut enn dei har gjort dei siste åra.

Dette året skal han hauste av om lag 20 mål og så har han fem mål med med nyplanting å ta hand om.

Vatn må du ha

På dei fleste jordbæråkrane på garden er det dryppvatning. Der spreiarane er sette i sving er det for å supplere vatninga i tillegg til å kjøle ned plantane.

– Eg er redd det kan gå for fort dette her. Held det fram på denne måten, kan det verte modne bær til jonsok, seier Aksel.

Med sterk varme vert bæra mindre og det same vert det totale volumet. På denne tida er det vatning og sprøyting som er oppgåva i jordbæråkrane. Det er bra det er tørt i åkrane når dei sprøytast og Aksel Indreeide har ein sprøyteplan han følgjer.

I fjor tok han i bruk eit nytt sprøytemiddel mot gråskimmel og råte. Luna heiter det og det hadde god effekt. Jordbærbonden håper det har same gode effekt dette året. Råte kan vere eit stort problem i jordbæråkrane.

Norske plantar

I åkrane til Aksel Indreeide er det berre norske jordbærplantar. Han synest det er tryggast, men seier han kanskje er unødvendig skeptisk til importerte jordbærplantar. Argumenta hans er at det er best å vere på den sikre sida og sleppe å ta hand om ukjende problem.

– Det ser bra ut no, men det er spennande å sjå korleis jordbærsnutebilla tek føre seg av avlinga. Enkelte år har det vore harde angrep i enkelte åkrar, seier han.

Dei siste sesongane har volumet på jordbær variert mykje. I fjor leverte han vel 15 tonn med bær til Valldal Grønt. Det vert om lag 1000 kilo per mål, noko han synest er i minste laget. Han håper sjølvsagt det vert betre dette året.

– Det er alltid vanskeleg å vite, det er mange variablar som kan påverke, eg får vente til hausten og telle opp då, seier Aksel.

Kontroll

På spørsmål om han har kontroll på dette stadiet seier han:

– Ja, delvis kontroll har eg. Det er mykje anna som skal gjerast denne tida og då vert det ein tidskonflikt. Skal du få maksimalt ut av jordbæra må du vere på hogget og gjere det som skal til til ein kvar tid, seier Aksel Indreeide som denne morgonen har køyrt eit lass med sauer fram på Valldalsetra. Aksel driv med sau og gris i tillegg til jordbæra.

Han nyttar eiga jord til jordbæråkrane og graset han haustar, hentar han på jord han leiger. Han skulle ønskt han kunne drive meir med veksledrift, byte på med jordbær og gras for å ta betre vare på jorda.

Aksel Indreeide trivst i bondeyrket og likar å arbeide. Det sistnemnde kan det verte for mykje av til tider.

– Nokre gongar kan det skorte litt på motivasjonen når du driv med sau og gris. Der er det overproduksjon i marknaden for tida og prisen på kjøtet er deretter, seier han.

Alfred Nilsen
alfred@storfjordnytt.no