Vikarlege på plass

Aleksandra Kwasniak skal vere vikarlege ved legekontoret i Valldal frå no og ut august månad.

Ho har allereie lært seg at dialektordet “låkt” betyr vondt.

Måndag 9. mai var første arbeidsdagen for Aleksandra Kwasniak ved legekontoret i Valldal. Her skal ho vere til august månad er omme. Som namnet tilseier er Aleksandra polsk, ho kjem frå Lublin, om lag ti mil søraust for Warsawa.

Ho er leigd inn som vikarlege på grunn av at legekontoret ikkje har turnuslege denne perioden. Ho fortel at det var sambuaren frå Bergen som lokka henne hit. Han har jobb ved legekontoret på Stranda. Planen er å flytte til Bergen seinare. Etter kvart har ho lyst til å jobbe på sjukehus og ta vidareutdanning som øyelege.

Ho kom til Norge i haust etter å ha gjennomført turnusteneste i Polen. Ho har gått norskkurs og etter fem månader fått autorisasjon til å jobbe som lege i Norge. Dette er hennar første jobb som lege.

– Det er veldig kjekt å jobbe her, alle er veldig hjelpsame, seier Aleksandra.

Randi Flø
randi@storfjordnytt.no