Viktig å ta vare på handverket

Elsa Selboskar har brukt mange timar i godstolen med broderiet sitt. God hjelp har ho av stativet for broderigarn og nåler som Einar Waldal har laga til ho.

Elsa Nålsund Selboskar starta å sy sin eigen bunad medan ho gjekk på Nordmøre folkehøgskule ein gong for lenge sida.

Det var ein nordmørsbunad og etter at ho vart ferdig med sin eigen bunad, sydde og broderte ho bunadsskjorte frå Nordmøre i mange, mange år. Bunadsskjorta frå Nordmøre liknar mykje på den tradisjonsrike norddalskjorta som har sitt opphav i Dalsbygda.

Bunadstradisjonen
Etter eit omflakkande tilvere i byrjinga på 1970-talet, flytta ho saman med mannen sin, Lars Selboskar til Selboskar i Fjørå der han hadde sin barndomsheim. Elsa er utdanna kjøkkensjef og har mellom anna vore lærar på husmorskulen på Sjøholt.

– Med bakgrunnen min med bunadssaum vart eg valt inn i styret i Norddal husflidslag med det same vi kom til Selboskar og eg har vore med i husflidslaget sidan den gongen som styremedlem og medlem, seier Elsa N. Selboskar.

Kor mange bunader ho har brodert og montert sidan ho kom til Selboskar har ho ikkje tal på. Det er mest ørskogbunad og N

norddalsbunad folk vil ha.

– Her inne er dei veldig flinke til å bruke den tradisjonelle Norddalsbunaden og er trufaste mot den lokale bunadstradisjonen, noko eg set veldig stor pris på, seier Elsa Selboskar.

Engasjert
– Eg starta litt i det små og etter kvart balla det på seg. Det er nesten så det har vore i det meste laget til tider. Bunaden skapar identitet, er tidlaus og eit festplagg som kan nyttast ved mange høve. Det viktigaste for meg er og har vore å få lært bort det eg kan om bunadssaum til nye generasjonar. Det er ein tradisjon som raskt vert tynna ut. Det er ikkje mange som prioriterer å lære seg handarbeidet for så å sette seg ned og brodere. I dag har folk betre råd og kan kjøpe det dei har lyst på. Før sat kvinnene heime og gjorde slikt handarbeid og selde til Husfliden. Broderte bunader og skjorter, strikka kofter, genserar og anna. Dei var ikkje ute i arbeid og det var ein måte dei kunne tene litt pengar på. Dei la ned eit stort, viktig og tolmodig arbeide, seier Elsa respektfullt.

Ho har engasjert seg i både fylkeslag og lokallag av husflidslaget og har vore leiar i bunadsnemnda på Sunnmøre.

Ein søskenflokk frå Selboskar
Elsa Selboskar fortel at Kristine Relling, Olbjørg Hole Drabløs, Ingebjørg Hauge, Hjørdis Nilsen saman med Margot Selboskar under krigen vov sitt eige bunadsstoff, farga det og reiste til Husfliden i byen og fekk trykt på mønsteret og kjøpte med seg tråd heimatt. Det var viktig for dei å få seg ein bunad den tida, det var òg ein identitet det var viktig å halde på. Dei vart korte nokre av bunadane, for dei måtte få stoffet til å rekkje til alle saman. Pynta med bunad feira dei 17. mai på klostertomta under krigen.

Heimeverkstad
– Dei eg lagar bunad for kjem hit til Selboskar som regel med ein materialpakke dei har kjøpt på Husfliden. Der er alt eg treng for å få ferdig ein bunad. Det einaste eg ikkje gjer er å folde stakken. Materiell for det som skal til for å lage ei norddalsskjorte og sunnmørsk festskjorte, får dei òg kjøpt på Husflidshjørnet i Valldal. Broderer det gjer eg heile året, skjortene mest om sommaren då det er best lys. Montering av bunad til konfirmantane gjer eg som regel etter jul. Ein 14-15-åring endrar seg mykje dei åra på alle vis. Ein bunad til konfirmanten må ofte vere ferdig til påske, slik er det iallefall her hos meg. På ei norddalskjorte og ei sunnmørsk festskjorte, begge med teljesaum, er det nesten like mykje arbeid som på resten av bunaden. På ein Norddalsbunad er det mykje brodering. Forkleet er full av små roser og du gjer ikkje anna enn å feste trådar. Eg leverer bunader over heile landet, no vil mange ha den identiteten ein bunad skaper. Den siste tida har eg berre sydd Ørskogbunader, seier den engasjerte bunadsentusiasten.

Så norsk som det går an
– Eg brenn for at bunadane skal vere så norske som mogleg. Om bunaden broderast i eit anna land med norskt materiale og mønster, arbeidet treng det ikkje vere noko å utsette på, men kunnskapen ,kvar vert den av? Det er den vi må ta vare på, det er vår tradisjon og ein del av vår identitet slik eg ser det. Eg kan noko som ikkje så mange andre kan, så det er viktig å lære tradisjonane vidare, seier ho og legg til at Norddal husflidslag arrangerer kurs i bunadssaum. 

– Det må vi halde fram med. Det er lett å sjå når vi held kurs, at det vi lærte på skulen av handarbeid har ikkje generasjonane seinare fått med seg, det er dumt. Det trengst at nokon lærer faget, meiner ho.

Det er òg vanleg å sette i stand og tilpasse den gamle bunaden til bestemor eller mor, som konfirmant av året skal ha, det går fint. Ei slik festdrakt varer i generasjonar. 

– Du kjenner det i skuldrene etter at du har brodert ei stund, det tek på og når du ikkje lenger er ung. Synet er heller ikkje det same lenger, men det går bra med slikt arbeid sjølv om du er komen opp i åra. Ulike menneske som broderer gjer det ikkje heilt likt, så slik vert bunadane litt forskjellege, utan at det er den store skilnaden. Slik skal det vere, seier Elsa N. Selboskar.

Alfred Nilsen
alfred@storfjordnytt.no