Viktig at alle tek ansvar og bidrar til å hindre smitte

Fjord kommune har sett krisestab og ber innbyggjarane om å halde seg oppdaterte på utviklinga.

Det er noko av bodskapen ordførar Eva Hove og resten av leiinga i Fjord kommune kjem med når det gjeld situasjonen kring koronaviruset.

Ordføraren presiserer at situasjonen krev solidarisk handling og respekt for alle smitteavgrensande tiltak og innbyggjarane vert no oppmoda om å vise ansvar og innrette sin eigen aktivitet på ein måte som har minst mogleg smitterisiko. Det betyr å være nøye med hygiene, å reise minst mogleg – og minst mogleg bruk av kollektivtransport, unngå møte og sosialt samvere med andre enn nær familie. Det vert frårådd å reise utanlands og Fjord kommune har innført 14 dagars karantene for alle tilsette som har vore i utlandet.

Kriseleiinga i Fjord kommune har sett i verk mange tiltak i skular og barnehager – og også innan helse og omsorg. Skular og barnehagar vert haldne opne for odrinær drift, men alt av turar og utflukter er avlyst. Spørsmålet om å stenge skular og barnehagar har vore drøfta, men førebels er det ikkje bestemt å gjennomføre noko slikt. Dette vil nemleg kunne føre til alvorlege konsekvensar for kommunen sine tenester, særleg innan helse og omsorg. Det er også peikt på at alternative ordningar med barnepass og omsorg kan gi ein meir uoversiktleg situasjon med omsyn til smitterisiko enn om barna er i skule og barnehage.

På institusjonane er det innført besøksrestriksjonar, og alle vert bedne om å respektere informasjon som går fram av oppslag på institusjonane. Pårørande vert bedne om å ta kontakt og avtale besøk på førehand.

I tillegg er det bestemt at alle kommunale bygg og forsamlingslokale vert stengde for aktivitet. Det betyr at bibliotek, idrettshallar, grendasalar, gymsalar og treningssenter vert stengde for all aktivitet. Unnataket er ordinær undervisning. Fjord kommune oppmodar alle lag og organisasjonar til å avlyse organiserte aktivitetar. Det same gjeld alle kulturarrangement der folk samlast. Kva arrangement som førebels er stadfesta avlyst, ser de her www.storfjordnytt.no/avlyser-arrangement-pa-grunn-av-smittefare/

For eigen del avlyser Fjord kommune alle møte, reiser og konferansar for både tilsette og politikarar.

Det vert understreka at det per no ikkje er nokon i Fjord kommune med påvist smitte. Likevel, kriseleiinga sit kontinuerleg i møte og situasjonen kan endre seg raskt. Publikum vert bedne om å halde seg oppdaterte gjennom kommunen si heimeside og facebookside. Publikum kan også kontakte kommunen på telefon 418 67 800.

Britt Ingunn Maurstad
britt@storfjordnytt.no