Vil gi litt tilbake

Tiande klasse samla ved benken i Eidsdal.

Det er ein fin gjeng med ungdommar som i juni tok i mot vitnemåla sine som bevis på at dei var ferdige med tiandeklasse ved Eidsdal skule. No er dei spreidde for alle vindar, nokre held til på Gjermundnes, nokre på Fagerlia og Borgund og andre igjen på Vestborg, berre for å nemne nokre av stadene dei no har hamna.

Laurdag var mange av dei attende i heimbygda, og saman med Tone Løvoll Kleiva, hadde dei gåver å gje vekk, ei til Eidsdal og ei til Norddal.

– Dei hadde litt pengar att i klassekassa, og då det vart diskutert kva dei skulle brukast til, kom ideen om å gje noko attende til bygdene våre, som takk for all støtte dei har fått frå bygdefolket som har kjøpt vafler, kaker, lodd og anna som klassa har halde på med for å finansiere klasseturen til Polen, sa Løvoll Kleiva.

Dermed fall valet på ein benk til kvar av bygdene, det er noko handfast, noko som varer ei stund. Den eine benken står ved Coop i Eidsdal, den andre ved Norddalstunet, og begge stader var det snorklipping, servering av sprudlevatn og kake.

– Det må jo gjerast skikkeleg, var beskjeden Storfjordnytt sin utsending fekk.

Benkane er laga av Tremek på Vestnes – og seier klart og tydeleg kven som er gjevar. Og kanskje kan tiandeklassebenkane bli ein ny stad å møtest, ikkje berre for folk i bygdene, men også for ungdommane når dei er heime i helger og feriar. Dei håper også at benkane blir tatt godt vare på slik at dei varer ei stund.

Britt Ingunn Maurstad
britt@storfjordnytt.no

Slik ser benken ut.

Slik ser benken ut.