Vil ha med flest muleg på kulturmønstring

Synne Hovden og Veronica Valdal oppmodar ungdom til å melde seg på Ungdommens kulturmønstring.

Veronica Valdal og Synne Hovden er med i arrangementskomiteen for årets UKM. Dei er innom redaksjonen for å oppmode flest muleg frå heile Norddal kommune om å melde seg på.

I år er det tiandeklassen ved Valldal skule som har ansvaret for å arrangere Ungdommens kulturmønstring – UKM – saman med kulturskulen. Dei to jentene fortel at UKM i år blir arrangert i den nye kultursalen i Martin Linge-huset 4. februar.

– Påmeldingsfristen er fredag 27. januar, og ein melder seg på på nettet, fortel Synne.

Alle kan bli med

Jentene fortel at alle mellom ti og tjue år kan delta, men for å gå vidare og representere Norddal kommune i fylkesmønstringa, må ein ha fylt 13 år.

– Og så er det ikkje berre ein konkurranse, det er like mykje eit høve til å samle ungdommen og ha det kjekt i lag, seier Veronica, som oppmodar alle som driv med eitt eller anna dei synest er kjekt, om å melde seg på.

– Uansett om du syng, spelar eit instrument, driv med stand up eller triksar med fotball, teiknar eller driv med noko heilt anna, er du velkomen til å vere med, seier dei to.

Sjølv skal dei også delta – iallfall seier Veronica at ho heilt sikkert skal vere med. Det blir song med band. Bandbesetninga er ikkje heilt avklara ennå, heller ikkje namnet, men deltaking det blir det. Synne er litt meir usikker, men om ho deltar, blir det med noko ho har laga sjølv, truleg med kvilting.

– Kva vil de trekkje fram som det beste med å vere med på UKM?

– Opplevinga, kjem det kontant frå dei to jentene.

– Og det å få vist fram det vi driv med, få erfaring med til dømes å opptre på ei scene og slike ting. Og om vi kjem vidare, er det høve til å få treffe andre med same interesse, seier dei som døme på anna som er positivt med å vere med.

Mykje arbeid

Planlegginga av årets arrangement har dei halde på med ei stund, dei byrja så smått i november. Dei komande vekene blir det mykje som skal på plass, mellom anna må dei lage vaktplanar for matsalet under arrangementet, dei må finne folk som kan styre lyd og lys, manus til programleiarane skal lagast – og mykje anna. Dei gler seg til dagen er der, og håper det blir retteleg mange som blir med dette året.

– Og hugs at det er lov å delta med fleire ting altså, avsluttar dei to.

Britt Ingunn Maurstad
britt@storfjordnytt.no