Vil ha med stordalingar

Stordalingar og norddalingar klare for tur i lag.

Tidlegare i år vedtok kommunestyret i Stordal å vere med i frisklivssentralen til Norddal kommune. – No er det på tide å få også stordalingane til å bli med, syntest frisklivsrettleiar Tina Fuglem, og inviterte Mental Helse Stordal med på tur.

Frisklivssentralen i Norddal kommune, eller frisklivstilbodet som kan vere eit betre omgrep, har vore i sving sidan september i fjor, og sidan då har mange fullført sine 16 veker. No når også Stordal kommuna har knytt seg til frisklivssentralen, vil det bli sett i gang eit arbeid med å gjere tilbodet kjent i kommunen. Eit første steg var å invitere Mental Helse Stordal med på tur. Måndag var den vanlege frisklivsgjengen samla ved Rosekyrkja for å gå på tur, saman med stordalingane – og det vart ein god gjeng som vandra avgarde i solskinet denne ettermiddagen. Ikkje berre trefte turgåarane nye folk å prate med, men det var også semje om at litt aktivitet ikkje berre gir betre fysisk helse, men også betre psykisk helse.

Frisklivsentralen er eit tilbod til deg som treng å endre vanar, hovudsakleg knytt til fysisk aktivitet og kosthald. Ein treng ikkje vere sjuk eller vere i faresona til å verte sjuk på grunn av livsstilen – og sjølv om fastlegen, anna helsepersonell og NAV kan tilvise deg til frisklivssentralen, så er det slett ikkje nødvendig. Alle som synest dei har grodd fast i sofaen, at dørstokkmila er blitt i overkant lang, eller at det er tungt å vere aktiv åleine, kan ta kontakt med frisklivssentralen i Norddal kommune.

Basistilbodet er sett saman av to individuelle helsesamtalar og 16 veker med aktiv oppfølging. I dei 16 vekene er det aktivitet tre gongar i veka, måndag, onsdag og fredag, og aktivitetane varierer alt frå trening på treningssenter til å gå på tur. Målet er å hjelpe deltakarane med å finne motivasjon og lyst til å gjere varige endringar i livsstilen etter dei 16 vekene.

Dei som har vore gjennom sine 16 veker, er jamt over svært nøgde med tilbodet. Ja, nokre har jamvel halde fram med å vere «frisklivar» etterpå også. Å vere del av ei slik gruppe er sosialt og morosamt, i tillegg til at ein får det sparket bak som mange treng for å røyve på seg. Om du er stordaling eller norddaling og vil vere med og røyve deg tre gongar i veka, tar du kontakt med anten folkehelsekoordinator i kommunen din, fastlegen eller kontaktar frisklivsrettleiar Tina Fuglem. Meir informasjon om frisklivssentralen, er å finne på Norddal kommune sine heimesider.

Britt Ingunn Maurstad
britt@storfjordnytt.no