Vil ha meir song og musikk i kyrkja

Monika Rødven, Monika Tettli og sokneprest Morten Gravdal har eit ønskje om å fylle Sylte kyrkje med meir song og musikk.

I kyrkja kan vi kome saman om alt som skjer i liva våre. Vi ønskjer òg å fylle ho med song og musikk, då treng vi folk som kan gjere det saman med oss.

Det er Monika Rødven, Monika Tettli og sokneprest Morten Gravdal som seier dette.

Kyrkjekor, eller …?

– Det er opp til oss som bur her å nytte kyrkja på Sylte på best mogleg vis. Vi er ikkje heilt sikre på korleis forma skal vere på det vi no prøver å få til, men eit kyrkjekor, eit band med forsongarar, ja det må vi kome attende til. Det hadde vore kjekt å fått det til å svinge. Kyrkja er full av songskattar som må takast vare på og saman med gospel og andre stilartar trur vi dette kan verte bra, seier Monika Tettli. 

– Det er vel ikkje noko å leggje skjul på at vi vil at fleire skal nytte kyrkja og at ho skal verte meir levande enn ho er i dag. Lovsong høyrer til i kyrkjerommet like naturleg som sorg, glede og heilage opplevingar, seier sokneprest Morten Gravdal.

– Tenk kor kjekt det ville vore, at folk som er glade i å synge kunne kome saman og gjort akkurat det. Du må ta kontakt om du har lyst til å vere med og spelar du eit instrument, så tak det gjerne med deg. Kva vi skal synge og spele kjem vi fram til i fellesskap etterkvart, seier ei entusiastisk Monika Rødven.

Vår kristne kultur

– Samfunnet har endra seg mykje dei seinare åra og kyrkja, som før hadde ei sterkare rolle, er no blitt ein stad der folk kjem saman for å utføre tradisjonelle handlingar. Det kristne fellesskapet er ikkje så viktig. Ofte vert kyrkjelyden oppløyst så snart klokkene ringer sine tre gonger tre slag. Som ein flokk sporvar i ein busk flyg dei kvar til sitt når døra smell att.

– Kyrkja kan vere så mykje meir enn det. Vi som kyrkjelyd må få folk til å kjenne seg velkomne. Kyrkja skal vere ein plass der menneska kjenner seg godt teke vare på av Gud og fellesskapet. Bygda må nytte kyrkja på gode måtar, den står jo her og er så mykje meir enn ei samling av kulturskattar og tradisjonar. I brevet til Hebrearane 6.19 står det. «Denne vona er eit trygt og fast anker for sjela». Det kan kyrkja vår vere for oss, seier sokneprest Morten Gravdal.

Song og musikk

No vil dei at det skal svinge, klinge og livne til i Sylte kyrkje. Kor ofte, kor mykje og kor lenge, ja det kan ei idèmyldring av folk som er glade i song og musikk finne ut av i fellesskap. 

Barnekoret i Sylte kyrkje held fram med sitt arbeid. Evy Henriksen har no fått hjelp av Karianne Vikene i det musikalske arbeidet saman med barna. 

Monika Tettli og Morten Gravdal tek i desse dagar over huset på Sylte som tidlegare var prestebustad. Dei kjøpte det av opplysningsvesenets fond.

– Offisielt er det no ikkje prestebustaden lenger, men kva folk vil kalle det for, vert opp til dei, smiler Morten Gravdal.

Alfred Nilsen
alfred@storfjordnytt.no