Vil utbetre flaumskade i Eidsdalselva

Leiar av Eidsdal Elveeigarlag, Rolf Berge, er nøgd med å ha fått innvilga erstatning frå Naturskadefondet. No håpar han at utbetringsarbeidet etter flaumen i 2014 kan starte opp snarast råd.

Eidsdal Elveeigarlag har fått innvilga erstatning frå Naturskadefondet, og no søkjer dei om løyve til å grave og utbetre skadar.

Det var for to år sidan elva fløymde over slik at det vart tildels store skadar særleg på elvaforbygning og plastring. Ein stad har elva i tillegg tatt nytt løp ved å kutte ein naturleg sving i elva.

Då elveeigarlaget hadde vore på synfaring gjennom heile elva frå kraftverket og ned til sjøen og skaffa seg oversikt over skadeomfanget etter flaumen, vart det søkt om erstatning frå Naturskadefondet, først nyleg har dei fått svar om at erstatning er innvilga.

– Vi har kontakta fleire entreprenørar og bede om pris på arbeidet, og no var også tida inne for å søkje om løyve til å gjere det som gjerast må av graving og anna, seier Rolf Berge, leiar i Eidsdal Elveeigarlag. Om det lar seg gjere å kome i gang medan vi framleis skriv 2016, har han sine tvil om.

Omfattande skadar

I vedlegget til igangsettingsløyvet, er det lista opp alle stadane det må gjerast noko – og lista strekkjer seg frå Nestelia og meir eller mindre heilt ned til sjøen. Arbeidet omfattar alt frå vekk-køyring av masse som har samla seg og omlegging av elveløp til reparasjon av plastring.

– Det er eit omfattande arbeid og det må gjerast medan elva er lita, det vil seie anten på vårparten eller seinhaustes, seier Berge.

Det elveeigarlaget har søkt om, er løyve til å setje i gang med arbeidet. Men sjølv om dei helst vil ha arbeidet gjort snarast råd, ser han at handsaminga av søknaden vil ta noko tid.

– Det er truleg fleire som skal uttale seg i ei slik sak, slik som Fylkesmannen og NVE, før kommunen kan ta ei avgjerd i saka, seier han.

Byggje opp bestand

Berge fortel at elveeigarlaget også har starta eit prosjekt i samarbeid med Fylkesmannen der det skal arbeidast med å sjå på kva ein kan gjere for å få opp att fiskebestanden i elva.

– Vi må finne ut av kva som har gått gale og korleis vi skal bøte på det, seier han og legg til at mellom anna er gytegropene til fisken vekk.

– Det tar tid å kultivere elva, det er ein prosess som vil gå over år. Og truleg må vi hjelpe naturen litt også, seier han og viser i det høvet til nettopp gyteplassane. Han seier det optimale hadde vore å kunne gjere noko med det også når ein likevel har maskiner på plass for å gjere eit arbeid med å utbetre flaumskader.

– Det er ikkje muleg å byggje opp bestanden utan gyteplassar, slår han fast og legg til at om dei går i gang med eit slikt arbeid, så er dette noko ein ikkje kan forvente å sjå resultat av på kort sikt. Han trur heller ikkje det vil vere muleg å få elva attende til det ho ein gong var.

– Men vi har iallfall starta eit arbeid saman med Fylkemannen og så får vi sjå. Håpet er at Fylkesmannen seier at vi skal hjelpe naturen litt med omsyn til å leggje til rette for gyteplassar og slikt når vi likevel er i gang med å grave i elva, avsluttar han.

Britt Ingunn Maurstad
britt@storfjordnytt.no