Vinter inga hindring for eit bad i fjorden

Torill Sandvik (f.v.), Alexander Oudijk og Palma Flåen Øvrebust tek seg ein frisk dukkert og ser ut til å kose seg.

Tre minus i lufta og sju pluss i sjøen. Søndag midt på dag var det personar i sjøen ved badeplassen i Stordal og endå fleire på land.

Med folkehelsekoordinator Palma Flåen Øvrebust i spissen skulle det markerast at Friluftslivets år 2015 er omme, men at ein satsar vidare på friluftsliv også i det komande året.

For nokre stordalingar er det ikkje noko nytt å bade i sjøen også på vinteren. Dei siste åtte åra har nokre damer halde på med dette kvar tysdag, to av dei, Palma Flåen Øvrebust og Torill Flo Sandvik var også med denne søndagen. I tillegg kom Aleksander Oudijk og var med på badinga. Han er heller ikkje ukjend med aktiviteten og fortel at han var med på den tradisjonelle badinga i Ålesund første nyttårsdag. I Nederland, der han kjem frå, er det tradisjon at kvar første nyttårsdag samlast rundt 10.000 menneske for å bade i det kalde saltvatnet Scheveningen, som er den største badestranda i Nederland. Totalt vert det rekna med at rundt 30.000 nederlendarar tek seg eit nyttårsbad på rundt 90 stader i landet kvart år. Rekordåret var i 2012 med 36.000 deltakarar rundt om i landet.

Randi Flø
randi@storfjordnytt.no