Xtra lekre damer på skulen

Jorun Erdal er ei frisk dame med mange meiningar.

Det siste arrangementet i folkehelseveka til Norddal kommune, var det Valldal Bygdekvinnelag som inviterte til, og det vart ein koseleg og humørfylt kveld for dei som fann vegen til bygdekvinnelaget sin inspirasjonskveld.

Jorun Irene Erdal hadde tidlegare på dagen vore på omsorgsbustaden i Valldal og sunge, og søndagskvelden hadde ho rigga seg til med klede, garn og anna i kantina på Valldal skule.

Songar og butikkeigar

Erdal er eit fyrverkeri av ei dame – bur i heimbygda til foreldra, Stryn. Ho fortalde at ho vart fødd på Rikshospitalet, trådte sine første barnesko på Snarøya utanfor Oslo før familien flytta attende til Stryn. Etter å ha ”lufta vingane” ute i den store verda, busette ho seg i heimbygda for åtte år sidan og bur saman med foreldra sine.

Jorun Erdal er ei frisk dame med mange meiningar.

Jorun Erdal er ei frisk dame med mange meiningar.

Dei fleste kjenner ho nok best som songar, ho har vore med i Melodi Grand Prix fleire gongar, ho har vore mangeårig tonefølgje til Hege Schøyen og Øivind Blunck, både i ”Bare gode venner” og ”Fast følge”, i tillegg til å ha vore med på NRK-programmet ”Beat for beat” – og mykje anna.

Ho driv butikken Xtra Lekker i Stryn der ho ikkje berre sel klede, men også smykker og garn.

– Eg er strikkoman, ja ein kan nesten kalle meg strikkoholikar, sa ho.

Å trivest og synest

Sjølv om det var ei lita og nett utgåve av Erdal som besøkte Valldal søndag, så har det ikkje alltid vore slik. Ho fortalde at ho på sitt tyngste var kring 135 kilo. Bodskapen hennar – og filosofien med butikken – er at alle, uansett storleik, skal finne klede dei trivest i, i fasongar dei trivest i og ikkje minst, fargeglade klede. Ho synest alle skal få lov til å ta den plassen dei fortener, at alle skal få lov til å synest – sjølv om ikkje alle treng å vere solist til einkvar tid.

Kva som inspirerer? For Erdal sin del er det å kunne gå frå paljetter, lausvipper og høghæla sko til fjøsdressen på heimgarden.

– Det gir meg mangfald og inspirasjon og innhald i kvardagen. Det er viktig.

Likeeins meiner ho det er viktig å halde på med ting ein likar, at det i seg sjølv kan gi inspirasjon og gode dagar.

Damene som var til stades på skulen denne kvelden vart inspirerte til gagns. Det vart prøvd klede, det vart øvd på å knyte skjerf, garn og strikkeoppskrifter vart diskuterte. Latteren var aldri langt unna, korkje hos Erdal eller hos dei andre.

Britt Ingunn Maurstad
britt@storfjordnytt.no