Ordførar i Fjord kommune, Eva Hove, har sendt brev til fylkeskommunen – til leiar av samferdselsutvalet, Kristin Sørheim, og til fylkesvegsjef Ole Jan Tønnesen der ho ber om ei konstruktiv og framtidsretta løysing for Norddalsstranda. Brevet frå ordføraren er slik: Norddalstranda er som kjent svært rasutsett, og tiltak på denne strekninga er prioritert relativt høgt på […]
rassikring
Kommunestyret i Fjord ville ikkje ta to millionar frå rassikring av Eidsdal skule for å bruke dei på rasvurdering og moglege tiltak andre stader
I saka som dreia seg om omdisponering av budsjetterte rasikringsmidlar i prosjektet vedkomande oppgradring av Eidsdal skule, bestemte kommunestyret seg for å omdisponere langt mindre enn dei to millionane som formannskapet innstilte på. Det er budsjettert med 3,5 millionar kroner til rassikring i samband med oppgradering og renovering av Eidsdal skule, ei prosjekt som vart […]
Ein tunnel blir til mellom Indreeide og Korsmyra
Det nærmar seg sommarferie for dei som arbeider med rassikringsprosjektet i Indreeidsdalen, og Storfjordnytt har fått ta turen inn i fjellet for å sjå. Det er Marit Gjørva og Kristoffer Aurstad Dolvik som tek meg med inn i tunnelen. Marit er byggjeleiar på prosjektet Korsmyra-Indreeide, Kristoffer har sommarjobb på prosjektet. Han studerer geologi ved NTNU […]
– Meiningslaus bruk av fellesskapet sine midlar
Det seier Bjørn Helge Rønneberg om det å lage støttemur til ein veg han meiner er både utrangert og lite framtidsretta når ein heller kan lage ny veg med utgangspunkt i anleggsvegen på Øygard, eller «Oggarden», som det heiter lokalt. Han viser til rassikringsprosjektet i Indreeidsdalen der tunnelmasse derifrå dels skal deponerast og dels skal […]
Samferdsel, rassikring, fergekaier og Norddalsstranda
Det er 18 nasjonale turistvegar i Noreg. Ein av desse går mellom Sogge bru i Rauma til Langvatnet på Strynefjellet. Den er 104 kilometer lang, og byr både på naturopplevingar og trafikale utfordringar. For dei 18 nasjonale turistvegane skal det, i perioden 1994-2029, satsast 4.600.000.000 kroner, ifølgje www.nasjonaleturistveger.no. Over 4 milliardar av denne summen skal […]