Frå møbelproduksjon til produksjon av smittevernutstyr

Sjølv Mona Ardes synest det er vanskelegare å sy smittevernfrakkar enn møbeltrekk, ser det ikkje slik ut når ho handterer symaskina.

Sitwell AS i Stordal har snudd seg rundt kjappare enn kjappast og har no sett i gang produksjon av smittevernfrakkar.

Det var for eit par dagar sidan at Claus Hoff las i avisene at det er mangel på smittevernutstyr og prøvde å orientere seg om kva det eigentleg er mangel på.

Då eg søkte på smittevernfrakkar, fann eg ut at inntil for ti år sidan vart slike produserte i eit bomullsstoff, som kunne vaskast og brukast på nytt. Så gjekk ein over til eingongsutstyr. Då slo det meg at det går jo an å forsøke å lage gjenbrukbare frakkar – omtrent slik det var før, seier Hoff.

Hurtigutvikla kolleksjon

«Kolleksjonen» til Sitwell består av to smittevernfrakkar, og Claus Hoff viser her fram den eine av dei to.

Som tenkt, så gjort. Stoffleverandør har verksemda «på huset» i Birkevoll & Co. Dei hadde eit stoff frå Mosjøen Veveri som har vore nytta til arbeidstøy liggande, og ein prototype vart laga. Ikkje er det lenge sidan heller, for som Claus Hoff seier: «vi starta i førgårs».

Så har tida gått med til utvikling av prototypen og ikkje minst, vasking.

Vi har vaska gjentatte gongar på 90 grader for å sjekke at plagget ikkje krympar og at saumane held, og det gjorde dei, seier Hoff.

Prototypen har også vore forelagt helsepersonell som meiner at Sitwell sin smittevernfrakk så absolutt kan nyttast i den situasjonen vi er i no.

Hoff fortel at «kolleksjonen» består av to variantar, ein i ein blanding av bomull og polyester, denne er vassavvisande, men ikkje vasstett. Den andre er i eit polyesterstoff som er vasstett og som toler søl. Begge variantane er gjenbrukbare.

Når dette bles over kan dei jo leggast på hylla – til neste gong vi har ei krise, seier Hoff med eit smil.

Håper å unngå permitteringar

Som leiar av møbelbedrifta Sitwell AS, så er det jo også andre baktankar med å gå frå møbel til smittevern. Hoff fortel at dei har arbeid i fabrikken til litt etter påske, men at det ikkje akkurat har rent inn med nye ordrar den siste veka.

Og så er det slik at saumavdelinga er litt i forkant av resten av produksjonen og tanken var at litt av saumkapasiteten kan nyttast på dette. Og så kan meir ressursar kome til etter kvart, seier Hoff som fortel at produksjonen om nødvendig kan skalerast opp i samarbeid med andre bedrifter.

Han meiner det ikkje er noko bedrifta har ambisjonar om å skulle tene gode pengar på, det er meir eit spørsmål om å sleppe å permittere dei tilsette.

Vi kjem ikkje til å ta meir for dette produktet enn vi må, slår han fast og meiner at det frå hans ståstad er ein vinn-vinn-situasjon for alle partar: Sitwell kan unngå permitteringar og helsetenesta får tilført sårt tiltrengt smittevernutstyr.

Han fortel at etter at han fortalde om ideen på Facebook i går kveld, er det fleire fastlegar som har tatt kontakt i løpet av dagen i dag.

Om smittevernfrakken vert kjøpt inn frå sentralt hald, står att å sjå. Hoff fortel at det er Helse Sør-Aust som har ansvaret for innkjøp på landsbasis.

Vi har meldt produktet vårt inn til dei, men dei har sjølvsagt mange andre som oss å vurdere – i tillegg til at dei også skal handtere all etterspurnaden, seier Hoff som fortel at det også er slik at utstyr skal testast og godkjennast, sertifiserast, før det kan kjøpast inn sentralt, og heile prosessen er slikt som kan ta tid.

Men kommunar og fastlegar som treng slikt utstyr no, kan ta kontakt med oss, så skal vi prøve å levere, seier Hoff.

Kor mykje kan de produsere før de går tom for stoff?

Vi har stoff nok, forsikrar Hoff som meiner at dei utan problem kan produsere i alle fall ti tusen frakkar.

Hoff meiner det blir spennande å sjå korleis smittevernfrakken frå Stordal blir teken imot, men er klar på at i den situasjonen landet og verda er i no med mangel på eingongsutstyr, så er dette eit fullgodt produkt. I tillegg er det eit gjenbruksprodukt, noko han også synest er viktig frå eit berekraftsperspektiv.

Vi har tilbydd oss å gjere dette om det kan avhjelpe situasjonen og dekke noko av behovet, avsluttar han – og kan på tampen fortelje at dei første ordrane allereie er komne inn.

Britt Ingunn Maurstad
britt@storfjordnytt.no