På Sylte er ein traktor av typen Valtra i arbeid, med frontlessar framme og snøfresar bak. – Eg har arbeidd med å rydde snø på Øydegard og Djupøyna, Syltemoa og sentrum av Valldal på austsida av elva for Fjord kommune. Eg ryddar òg snø for fem private. No skal eg ta Petersplassen, seier Peter Arne […]
Notisar
Omsetning av eigedommar i Fjord kommune
Stordalsvegen 851 (gnr 134, bnr 9) er seld for 1.230.000 kroner frå John Steinar Storheim til Bjørn Ulvestad og Hildegunn Ulvestad (01.12.2020). Del av Valldalsvegen 2149 (gnr 15, bnr 1) er overdregen for 250.000 kroner frå Odd Langdal til Annette Langdal (01.12.2020). Overdraginga omfattar også gnr 15, bnr 6 og del av gnr 17, bnr […]
No er vaksineringa i gang også i Fjord kommune
I dag, torsdag 7. januar, vart dei første vaksinene mot covid-19 sett i Fjord kommune. Første kvinne ut ved Stordalstunet var Eli Sæter og også ved sjukeheimen i Valldal var det ei kvinne som fekk den første vaksinedosen. Der var det Mildrid Morsund som var først ut. Til saman er det sett tolv vaksinar i […]
Ugle tok bussen
Måndag denne veka hadde ei kattugle lurt seg om bord i ein av bussane til Vy mellom Austefjorden og Hornindal. Avisa Nett.no fortel at den sjeldne blindpassasjeren truleg hadde klart å kome om bord i Austefjorden i Volda kommune, og hadde mellom anna fått seg ein gratistur saman med elevane på skuleruta frå Austefjorden til […]
Mange ville diskutere reguleringsplan i samband med ny ferjekai
Då bygdefolket i Eidsdal vart inviterte til ein kaffi og ein sentrumsprat sist onsdag, var det mange som nytta høvet til å stikke innom. Merete Løvoll Rønneberg, leiar av Eidsdal Næringsutvikling AS og Terese Jemtegård Moen, dagleg leiar i Fjordhagen AS var til stades – utstyrte med mange kopiar av gjeldande reguleringsplan for sentrumsområdet som […]
I jula har dei begge fri
Storfjordnytt treffer dei to ambulansefagarbeidarane Silje Mari Barstad og Hillevi Maria Gjerde på Sylte i Valldal måndag denne veka. – For å køyre ambulanse må du gå gjennom kurset «Utrykning kode 160». Det varer i ei veke og vi gjennomgår teori og har oppkøyring. Då skal vi mellom anna meistre å køyre sikkert og forsvarleg […]
Gudstenester i kyrkjene i jula
Oversikta finn du på nettsidene til Storfjorden kyrkjelege fellesråd
Fleire heilt og delvis ledige i Fjord kommune
Tal frå NAV viser at det i desember er 7.197 heilt eller delvis ledige i Møre og Romsdal. Det er ein nedgang på 1 prosent siste månaden og utgjer 5,2 prosent av arbeidsstyrken. Summen av heilt og delvis ledige på landsbasis utgjer 6,3 prosent av arbeidsstyrken. I Fjord kommune er 30 personar heilt ledige. Det […]
«Legebustaden» i Vika er seld
På kommunestyremøtet i Fjord denne veka godkjende kommunestyret nok eit sal av ein kommunalt eigd eigedom. Eigedommen det dreia seg om denne gongen, var det som tidlegare var legebustaden i Fjørå, med adresse Vika 89. Kommunestyret behandla saka bak lukka dører. Ifølgje møteprotokollen innstilte kommunedirektøren på at kommunestyret skulle akseptere bodet og det var eit […]
Mørenett reduserer nettleiga frå nyttår
Frå 1. januar reduserer Mørenett nettleiga og for eit gjennomsnittshushald vil reduksjonen utgjere om lag 500 kroner i året, heiter det i ei pressemelding frå selskapet. Grunngjevinga er at ein har lagt bak seg eit år med låge straumprisar og låg rente, noko som har redusert Mørenett sine overføringskostnader i kraftnettet. I tillegg seier Mørenett […]