Vi er ikkje mange dagane inne i det nye året, likevel har det nye året sett djupe spor i oss. Først var det skredulykka i Gjerdrum dagen før nyårsaftan som tok all merksemd – også nasjonalt. Vi sat som klistra til fjernsynsskjermen og håpte etter kvart som redningsarbeidet kom i gang at ein skulle finne […]
Leiar
Vond start på det nye året
Ingen har vel unngått å få med seg skredhendingane i Gjerdrum dagen før nyttårsaftan. Nærare 1000 personar er evakuerte, mange av desse har mista alt dei eig – og somme har også mista nokon som står dei nær. I skrivande stund er tre framleis ikkje gjort greie for, medan sju personar er funne omkomne. Det […]
Snart er vi i 2021, eit heilt blankt og ubrukt år
Om nokre få dagar kan vi feire ettårsdagen til Fjord kommune. Det har vore eit år som vart ganske annleis enn det dei aller fleste, også kommunepolitikarar, kommuneadministrasjon og -tilsette hadde sett føre seg. Det var så mykje som skulle skje dette året. Ein plan, eller strategi om du vil, for korleis Fjord kommune skal […]
Snart går det mot lysare tider
No er vi inne i den absolutt mørkaste tida av året. Mange synest det i seg sjølv er tungt, og ekstra tungt er det for enkelte når ein i tillegg til at det er mørkt, også har koronaen og det den fører til av restriksjonar. Trøysta får vere at over helga «snur» sola – og […]
Det einaste vi veit, er at vi ikkje veit noko om kva fylkeskommunen ser føre seg i Eidsdal
Møre og Romsdal fylkeskommune skal i gang med å byggje større ferjekaier både i Eidsdal og på Linge. No er så smått arbeidet med reguleringsplan for Eidsdal sentrum i gang, og i det høvet var det denne veka tromma saman til bygdemøte i Eidsdal. Skal ein påverke kor mykje av sentrum som vert omfatta av […]
Den allmektige fylkeskommunen
Som Storfjordnytt har skrive om tidlegare, ønskjer Møre og Romsdal fylkeskommune å kutte ein tur/retur-avgang på begge ferjesambanda på Indre. No føreslår administrasjonen i fylkeskommunen å ta vekk avgangen klokka 18 frå Eidsdal og 18.15 frå Linge på kvardagar og klokka 17 frå Eidsdal og 17.15 frå Linge laurdagar og søndagar. Grunngjevinga er at det […]
Ikkje uventa med meir smitte
At det den siste veka er påvist fleire koronasmitta i Fjord kommune, er slett ikkje verken uventa eller overraskande når ein ser utviklinga i samfunnet ikring oss. Her på Indre har vi stort sett vore skåna for dei heilt store smitteutbrota. Så langt. Det kan ha samanheng med at «folk flest» har vore flinke med […]
Uvissa rår
Adventstida nærmar seg med stormskritt. Dette er ei tid der tradisjonane rår, normalt er tida framover mot jul fullspekka av julemesser, julemarknader, julekonsertar og anna som skal få oss i den rette julestemninga. Korleis det blir i år, er førebels i det blå. Somme arrangement er allereie avlyste, andre vert planlagde ut frå dagens smittevernråd. […]
Handle lokalt og handle kvalitet!
Skoa på biletet skapte stor diskusjon i den maurstadske heimen ein gong på 1980-talet. Eg trur eg var 15 eller så, og då er vi i 1982/83. Unge Maurstad hadde jobb ved sidan av skulen og syntest ho kunne bruke sine eigne pengar slik ho ville. Dermed vart det innkjøp av eit par sko, svindyre […]
Vil det same, men har litt ulik veg fram til målet
Denne veka gjekk startskotet for arbeidet med samfunnsdelen av kommuneplanen for Fjord kommune. Å følgje workshopen som kommunestyrerepresentantane deltok på, var ein positiv seanse. For sjølv om det innimellom kan sjå ut som at dei ulike partia er rykande usamde, så er dei kanskje ikkje det likevel. Undervegs i denne samlinga kom det fram at […]