For ti år sidan feira eg nyttårsaftan med Kirkens Bymisjon i Oslo saman med menneske innlagde for rusavhengnad. Eg hadde pynta med glitter og kjøpt inn stjerneskot. Som vanleg gledde eg meg veldig til at rakettane skulle skytast opp: det overveldande bråket frå rakettar, hylarar og knitrande stjerneskot; folk som roper «godt nytt år» på […]
Kommentar
Heim til jul?
I Trondheim er det lite som minner om jul. Gradestokken held seg stabilt på plussgrader, og snø har vi knapt sett i år. Julestemning er det generelt lite av, og i lys av koronalivet kunne dette like gjerne ha vore ein dag i september. Men det er éin ting som minner om at ferien og […]
Kjære julenissen!
Om du har lese dei tidlegare innlegga mine, så har det vel gått opp for deg at eg er hindu. Dermed har eg opp gjennom barndommen min dessverre ikkje investert så mykje tid i deg, som eg kanskje burde ha gjort. Beklagar, dette er hundre prosent min feil. Eg har heller aldri mast på deg, […]
Tru(mp) som metode
I sommar prøvde eg meg som profet og spådde at hausten ville bli stygg. Eg tenkte på det som då stod føre i USA med ein valkamp der det såg ut til å verte lagt meir vekt på siste del av ordet enn fyrste. Nokon stor spådomskunst var jo ikkje dette; eg vil tru at […]
Helsa di er ikkje på nett
– Finst ikkje journalen min på nett? Den finske sambuaren min hadde vore hos fastlegen og teke nokre blodprøver, og vart overraska over at prøvesvara kom per brev i posten, og ikkje i eit nettbasert journalsystem. Eg måtte seie meg samd i at det er temmeleg upraktisk, og langt frå det ein ventar seg i […]
Kvar vart det av leirbålet?
Det var ei tid då det ikkje fanst kanalar. Då NRK var alt vi hadde på tv-en. Det var føreseieleg og greitt: måndagsfilm på måndag, fjernsynsteater på tysdag (ofte finsk), komikveld på onsdag (som regel amerikansk), serie på torsdag (gjerne australsk med nynorsk teksting), og så var det Detektimen på fredagane. Alle samla seg framføre […]
Partiet Sentrum er eit ope spørsmål til folket
«Endå eit unyttig parti?» Mannen spaserer vidare, tydeleg nøgd med kommentaren han klarte servere meg. Eg står på Youngstorget, utstyrt med antibac, penn og ein bunke skjema. Øvst på skjemaet står det ein logo – ein sommarfugl. Under står det: «Undertegnede ønsker at PARTIET SENTRUM skal bli registrert som politisk parti i Partiregisteret, i henhold […]
Noreg bra, men heime best
Sidan eg var barn er eg blitt fortald at eg er heldig, for Noreg er det beste landet i verda å bu i. Vi får inn med teskei kor godt vi har det. Det å liggje bekymringslaus på sofaen, eller det å ha ein skule å komme heim frå, er to privilegium svært mange ikkje […]
Greveling, grevelang, men ikkje i taket
Har du nokon gong gått på besøk og fått inntrykk av at du ikkje er heilt velkomen? Det er ikkje sagt i klartekst, men du les teikna og forstår likevel. Eg har no fått eit slikt besøk som eg prøver å gje eit hint om – ikkje velkomen! I fleire dagar har eg prøvd å […]
Haust, mørketid og koronatrestriksjonar
Sommaren er forbi, og hausten er her. Endeleg vil mange seie, etter ein sommar med mykje reiseaktivitet, sosiale samankomstar og ikkje minst ein studie- og skulestart prega av mykje usikkerheit og ei ny smittebølgja blant unge vaksne. Endeleg er hausten her, der det sosiale roar seg litt ned, og alle tar ein liten pust i […]