17. maifeiring i strålande vêr.
Nyheiter
Hjorten har vore overvaka med satellittdata
Onsdag 27. april inviterte Fjord kommune til eit ope møte om hjorteviltforvaltning på Martin Linge-huset i Valldal. Arrangementet retta seg fyrst og fremst mot gardbrukarar, jaktrettshavarar, valdansvarlege, jaktleiarar, jegerar og elles dei som var interesserte i korleis hjortebestanden skal forvaltast. «Sunnhjort» Erling Meisingset er forskar i Nibio og kom for å snakke om prosjektet «Sunnhjort». […]
– Eg er fyrst og fremst bonde
Garden Myra finn du like ved Gudbrandsjuvet i Valldal. Eit stort hus, ein fjøs med ei løe og eit stort reiskapshus. Fjøsen har Fridjon Døving gjort for lenge sidan når Storfjordnytt kjem på besøk. No nyttar han elektrisk handverktøy i snikkarverkstaden inne i reiskapshuset for å gjere ferdig ei bestilling. Fint å halde på med […]
PITINGS fyller 50 år og feirar med tur til Dubai
Det er ingen tvil om at kundelojaliteten og arbeidsmiljøet på frisørsalongen PITINGS på Stranda er spesielt. Heilt sidan 1972 har det vore fleire generasjonar innom, både i og bak frisørstolane. Det var John Petter og kona Ingunn Aambakk som fyrst starta opp salongen, som i 2015 blei vidareført til dottera Monica. No kan dei feire […]
Den store steinblokka i Tafjord kom ned på greit vis
Etter at Tafjord Kraftproduksjon AS hadde førebudd seg og sikra delar av trallebana og vinsjhuset i Jimdalen, kom entreprenør Mesta måndag denne veka for å presse laus ei stor steinblokk i fjellsida i Jimdalen. Ein fjellsprekk bak steinblokka har vore overvaka og dei siste åra har den utvida seg mykje. Der plasserte Mesta luftputer som […]
Samla til fest på utseld Kulå
Det var heilt utseld for billettar til konserten med Local Locos på Kulå påskeaftan. Av over 300 billettar blei 100 av dei rivne vekk frå bensinstasjonen i Stordal og det kom to fulle busslaster med festklare folk frå nabobygdene til konsertlokalet. Local Locos har spelt saman sidan 2016 og har blitt godt kjende i området. […]
Driftsbygning totalskadd i brann – no er det ettersløkking som pågår
Klokka 14.37 første påskedag melde operasjonssentralen i Møre og Romsdal politidistrikt i ei twittermelding om brann i ei driftsbygning i Eidsdal. Ifølgje førstemann på staden, skal det ikkje ha tatt mange minutta frå brannen vart oppdaga til driftsbygninga på Rønneberg sto i full fyr. Han fortel at han tilfeldigvis kom køyrande – og såg kvit […]
Matjorda er det viktig å ta godt vare på
Storfjordnytt har ein avtale med mjølkeprodusent og bonde Bjørn Helge Rønneberg i Eidsdal. Han kan godt fortelje litt om utfordringane landbruket no står ovanfor. I dag har tankbilen vore på Rønneberg og bonden er litt på etterskot med mjølkinga og er i full sving mellom kyrne. Eit bra team – Denne her, seier bonden og […]
No er produksjonslina på plass
Gründer Silje Lee Knutsen, hennar samarbeidspartnarar og tilsette i Storfjord Iskrem har mykje å gle seg til i tida som kjem. Eit godt stykke arbeid er lagt ned. Idear er bearbeidde, oppskrifter er utvikla og lokale og maskiner er komne på plass. 1000 kvadratmeter Storfjordnytt treffer Silje på kontoret, som òg er møterom. Sjølve produksjonslokalet […]
Til helga er det på tide å stille klokka att
Det går raskt mot lysare tider, og natt til søndag stiller vi klokka ein time fram og får endå ein time med dagslys om ettermiddagen. Den siste søndagen i mars klokka 2, «hoppar vi over» ein time og stiller klokka fram til 3. Det har vore ein årleg tradisjon i Noreg frå 1980 og i […]