Jonsok

Fin fyr i bålet ved Eidsvatnet og mange var med på feiringa.

Tradisjonen tru var det jonsokfeiring på Eide i Eidsdal, og som vanleg var det mykje folk – truleg eit par hundre var til stades.

Først samla folket seg på bedehuset for rjomegraut og deretter litt underhaldning og tombola. For dei som ikkje vart mette nok av grauten, var det kaker og kaffi å få kjøpt også. Så, når tida var koma for bålbrenning, trekte alle ned til vatnet der bålmeister Petter Eide som vanleg stod for tenninga. Etter det langvarige turre vêret, tok det ikkje lang tid før bålet stod i full fyr. Musikk vart det også, med Kjell Tafjord på trekkspel og Knut Ståle Berge på gitar.

Brekkesletta

På Brekkesletta på Døving har det i lange tider vore tradisjon med bål Jonsokaftan. I år var ikkje noko unnatak. Bålet har vore plassert litt forskjellege stader og i tidlegare tider arbeidde dei lenge og vel med å samle til bålet og plassert det på toppen av ein haug opp mot det som i dag er stor granskog. Da gjekk det på rundgang mellom grendene i området kven som skulle stå for arrangementet, dei hadde både sal og aktivitetar.

Nokre av dei som var til stades hugsa godt korleis det var og andre hugsa best dei skrå fotballkampane. I dag er det òg kjekt på Brekkesletta då dei næraste forstatt gjer noko for at folk kan samlast å brenne bål. Bålet i år var for det meste restar av nedblåste graner og det var berre akse og røyk att av det når lokalavisa kom forbi.

Ein fugelunge vert teken hand om av ivrige jenter medan andre born sparka litt fotball. Rundt ei gruve med grillbål sat dei vaksne å prate om tida som før hadde vore og elles om kjekke og interessante ting folk flest er oppteken av.

Ein fugelunge vert teken hand om av ivrige jenter medan andre born sparka litt fotball. Rundt ei gruve med grillbål sat dei vaksne å prate om tida som før hadde vore og elles om kjekke og interessante ting folk flest er oppteken av.