Det er gjort lokalt vedtak om karantenereglar i Fjord kommune den 19. mars. Kriseleiinga har gjort presiseringar gjennom nytt vedtak 22. mars. Dei lokale karantenereglane kjem i tillegg til dei nasjonale reglane for karantene og ferdsel.
Kommunelegen har gjort slikt lokalt vedtak om karantenereglar
1) Alle som kjem til kommunen etter reiser i områda angitt i punkt 4 blir ilagt heimekarantene i 14 dagar etter at ein kjem til kommunen
2) Personar som er tilreisande frå område i punkt 4 og som ikkje har bustad i kommunen får forbod om å opphalde seg i kommunen.
3) For personar som utviklar sjukdom eller symptom i karanteneperioden, gjeld myndigheitene sine til ei kvar tid gjeldande føringar for konvertering av karantene til isolasjon.
4) Vedtaket gjeld følgjande område: Fylka Oslo, Agder, Rogaland, Viken, Vestfold og Telemark, Innlandet og Vestland.
Unntak frå desse restriksjonane
a) Transittopphald på flyhamn i områda i punkt 4 vert ikkje rekna som opphald i området.
b) Opphald på plattform/sokkel med påfølgjande heimreise vert ikkje rekna som opphald i område omtalt i punkt 4.
c) Førar og personell av vare- og passasjertransport som er friske/symptomfrie, vert unntatt frå dette vedtaket sitt karantenekrav. Dette omfattar også personell som er nødvendig for å gjennomføre transporten.
d) Leiing av verksemder som er lista oppetter DSB sin definisjon av samfunnskritiske funksjonar vert gitt adgang til å gjere unntak for eige nøkkelpersonell når dette er strengt nødvendig for å oppretthalde forsvarleg drift av kritiske samfunnsfunksjonar. Slike unntak vert gjort av verksemda si leiing utan involvering av kommunen.
e) Ein tillet overnatting på hotell for personar som ikkje har privat bustad. Personer som ikkje er omtalt i bokstav c og d vert imidlertid omfatta av karantenebestemmelsane.
Personar står fritt til å reise ut av kommunen. Personar står også fritt til å bevege seg mellom kommunar i fylket og mellom fylke som ikkje er omtalt i punkt 4.
Vedtaket er gjort for å forsinke spreiinga av Covid-19-viruset. Vedtaket er gjort i medhald av smittevernlova § 4-1 første ledd bokstav d. Vedtaket supplerer Helsedirektoratet sitt vedtak av 12.03.2020, samt Fjord kommune sitt vedtak av 19.03.2020. Klage på dette vedtaket vert avgjort av Fylkesmannen i Møre og Romsdal, jf. smittevernlova § 8-3
Når gjeld dette vedtaket
Vedtaket har verknad frå 23. mars 2020 og gjeld til og med 27. mars 2020. Vedtaket kan verte oppheva på eit tidlegare tidspunkt i eige vedtak.