Førebur seg til folkefest

Fredag, laurdag og søndag møtest 180 unge alpinistar frå heile landet til dyst på Overøye. Ramma rundt “norgesmeisterskapen” for 12- og 13-åringar blir ein stor folkefest i Stordal. Det er i år 25 år sidan Stordal arrangerte NM for juniorar.

01. mars 2006
Randi Flø

Magne Tøsse og Stordal ønskjer velkomne til Alpin Landscup.

Magne Tøsse, ein av dei ansvarlege i Stordal Alpin som arrangør, er i full aktivitet på Overøye allereie frå morgonen måndag. Det har kom ein del snø siste tida, men det er ikkje noko problem, ei lita utfordring i å trakke i bakkane, men elles berre ein fordel med nok snø. Ein del folk frå Møre og Romsdal er allereie på plass og trenar.
I går kom hurtigruteskipet MS Narvik til Stordal. Her om bord er det løparane frå Oslo og Akershus som skal bu saman med sine leiarar og foreldre. Det kjem 180 løparar frå heile landet til rennet, vel 100 av dei kjem frå Oslo og Akershus, som er den største kretsen. Resten av løparane skal bu ulike stader i området.

Opning
Torsdag kveld er det offisiell opning i Stordalshallen. Her får publikum høyre lokale aktørar som Maria Holand Tøsse, Marita Reite Wiik, Marianne Olsen, Knut Sivert Vikenes og Åge Staurset og Kristina Malen Ravn Stavseng. I tillegg kjem tre Idol-gutar som saman kallar seg BWY.
Fredagskvelden er det også program i Stordal sentrum. Då er det premieutdeling på Almenningen.
Laurdag kveld er det løparmiddag i hallen. Tøsse seier at dette er ope for alle, dei dekkjer på i hallen, og folk kan berre bestille, så får dei vere med på dette. Det går fakkeltog frå sentrum til hallen før middagen.
– Alt er ope for alle, og vi vil gjerne ha med mykje folk, seier Tøsse. Det gjeld både i sentrum og på Overøye.
Ved alpinanlegget har dei i tillegg til varmestova rigga opp eit ekstra varmetelt. Og nytt høgttalaranlegg vert teke i bruk.

Mange
Tøsse rosar alle dei hjelpande hendene som stiller opp til det store arragangementet. Det er mykje som skal på plass når det gjeld alt utanom det sportslege i løypene også. Om lag 200 personar er involverte.
Alle løparar i tillegg til leiarar og foreldre gjer at folketalet i Stordal vil auke med om lag 50 prosent desse dagane.
Stordal har fleire lovande alpinistar i denne aldersgruppa og stiller med i alt fem deltakarar. Det blir spennande å sjå korleis dei hevdar seg i landssamanheng.
Det er også godt samarbeid med skulen, og mellomsteget har fått fri for å vere med på arrangementet.