Spenstige planar

Frode Færøy er verkeleg genuint interessert og engasjert i jobben sin med å utvikle Øvre Stordal vidare. Han har tatt Storfjordnytt med opp til reinsehuset til det kommunale vassverket, der det er god utsikt over området han arbeider med.

Før helga vart aksjeteikninga i Øvre Stordal AS avslutta, og grunnlaget er no lagt for å ta utviklinga av Øvre Stordal ikkje berre eitt, men fleire steg vidare.

Det nye selskapet skal halde på med utvikling og marknadsføring av Øvre Stordal, deriblant eit slags eventselskap. Føremålet er å marknadsføre friluftsområdet Øvre Stordal, utvikle nye opplevingsprodukt – i tillegg til å også etablere overnattingsplassar.

– Kan gi gass

Frode Færøy er svært nøgd med aksjeteikninga.

– Vi har arbeidd med dette i snart to år, og no kan vi verkeleg gi gass og fortsette, seier han.

Selskapet har fått lovnad om 300.000 kroner i støtte frå Vekst i Stordal, under føresetnad av at ein skaffa minist 450.000 kroner sjølve. Færøy fortel at det har dei greidd med god margin, 700.000 kroner er komne inn i aksjekapital – og mange, svært mange har bidratt, både verksemder, lag og privatpersonar. I tillegg har ein fått støtte frå folk som ønskjer å vere med å støtte opp om prosjektet, men som ikkje ønskjer å vere aksjonærar.

Prosjekt Øvre Stordal har fått frå næringsfondet tidlegare, 250.000 kroner då prosjekt Øvre Stordal vart starta opp. Støtta vart gitt under føresetnad av at andre aktørar gjekk inn med tilsvarande.

– No får vi 300.000 kroner frå Vekst i Stordal, men frå no av er det privat bedriftsinitiativ som skal ta det vidare. Det er ikkje meiniga at Stordal kommune skal finansiere vidare satsing og drift. Vi har fått den støtta vi trengde i starten, no er det på tide å stå på eigne bein, slår Frode Færøy fast.

Zipline

Av nye opplevingsprodukt nemner Færøy spesielt zipline, som vil bli etablert på Almås, i juvet tvers over elva, i tillegg til at det blir arbeidd med ei rekkje andre idear til opplevingar.

Dei nære planane er å halde fram med det det har vore arbeidd med i snart to år, med eit breitt spekter av arrangement til barn og unge, mykje av det skal framleis vere gratis slik som det har vore fram til no. I tillegg skal ein arbeide med arrangement folk må betale for slik som til dømes kurs og guida toppturar. Kurs kan til dømes vere førstehjelpskurs spesielt retta mot hyttefolk der ein får opplæring i alt frå bruk av hjartestartar til behandling av gnagsår.

Eit kurs frå i vinter som vart ein stor suksess, var introduksjonskurs i randonnée. Elles ser han føre seg alt frå alpinkurs og alpinskule til skredkurs og flugefiskekurs i elva.

– Aksjekapital forsvinn fort utan inntekter, kva skal selskapet tene pengar på?

– Eventdelen av selskapet vil stå for ein del av inntektene ved å arrangere kurs og aktivitetar det må betalast for. Hytteservice vil vere ei anna inntektskjelde, det same vil eigedomsdelen vere. I tillegg er det dei som heller ønskjer å støtte oss med eit årleg beløp framfor å gå inn som aksjonærar, fortel han idet han presiserer at selskapet på ingen måte skal bli eit der profitt og botnline og utbytte står i fokus. Ein skal byggje vidare på det som har vore gjort i området, der eldsjeler har stått på og gjort det aller meste på dugnad.

– Om vi skal kome lenger, utvikle området endå meir, må vi organisere oss litt annleis, ha finansiering i botnen og ta oss betalt for noko av det vi driv med. Men vi må ikkje og skal ikkje gløyme innsatsen som har vore gjort, slår han fast.

Færøy har eit ønske om å skape noko kollektivt, og at det har vore – og er viktig med breiast muleg deltaking både frå bedrifter, innbyggjarar i Stordal kommune og hyttefolk. Han vil at så mange som muleg skal vere med å dra lasset for å skape noko til felles glede og framgang.

– Filosofien er å utvikle gode produkt som folk vil ha og som gjer kvardagen enklare for folk. Det betyr at marknadsføring saman med lita og stor produktutvikling skal gå hand i hand, vi skal lytte til folk og høyre kva dei vil ha og så forsøke å gi dei det, seier han og legg til at målet er slett ikkje å mjølke folk for pengar, men ta litt betalt for å gi gode opplevingar og ein betre kvardag for dei som nyttar området.

Overnattingstilbod

– Du nemner hytteservice, kva inneber det?

– Det er allereie nokre slike tenester til hyttefolket, men eg ønskjer å systematisere tilbodet og utvide det med å tilby til dømes vaktmeistertenester og hjelp til vedlikehald og småoppgåver, seier han.

Færøy ser også føre seg ein variant av eigedomsmekling, for å synleggjere kva som til ei kvar tid er ledig av tomter, leiligheiter og hytter for leige og sal. Han seier det er allereie ein god del hytter som er for utleige, og fleire vil det bli. Færøy fortel at Langsæterlaget planlegg nytt hyttefelt ved skytebana, i tillegg er det ein nytt hyttefelt under planlegging ved skianlegget der det blir ski in-ski out, i tillegg til prosjektet ved Stolen som no ligg ute til offentleg ettersyn med både hytter og leilegheiter.

– Å samle alt dette på ein plass, vil gjere det lettare for folk å orientere seg, seier han.

Noko som har vore omsnakka før, er ein overnattingsstad. No er dei planane også i ferd med å bli konkretiserte, og Færøy fortel at det vil bli eit slags hyttetun med fellesareal med mellom anna kurs- og konferanserom. Hyttene vil bli leigde ut som eitkvart anna hotellrom.

– Det fine med ei slik løysing, er at overnattingstilbodet kan byggjast ut stegvis.

Kvar overnattingstilbodet skal byggjast, er ikkje bestemt enno – Færøy fortel at det vert arbeidd med fleire ulike alternativ.

Samarbeid viktig

Det er eitt ord Frode Færøy stadig nemner, og det er samarbeid og kor viktig det er. Han fortel at han nyleg er blitt valt inn i styret i Alpepass, eit samarbeid mellom ni skianlegg på Sunnmøre og i Nordfjord om felles heiskort.

– Strandafjellet er ingen konkurrent, men ein medspelar. Og eg trur bestemt vi har meir å hente om vi står samla om å gi tilbod i dei fantastiske Sunnmørsalpane enn å konkurrere mot kvarandre, seier han.

Han trur heller ikkje at satsinga i Øvre Stordal ikkje vil gå på bekostning av turismen nede i bygda, tvert om – ved å spele på same lag, kan ein ha felles nytte og glede av kvarandre, meiner han.

– Om vi får fleire folk i hyttene her oppe, blir det fleire folk i skianlegget, det blir fleire folk i zipline, det blir fleire som ønskjer hytteservicetilbod og alt dette vil auke aktiviteten i til dømes butikkane nede i bygda. Det vil dryppe litt på alle, slår han fast.

Kommunen på laget

Frode Færøy rosar Stordal kommune som ein ”ja-kommune” som er viljug til å finne løysingar, mellom anna karakteriserer han reguleringsplanen for området som særs god. Han rosar også alle dei som opp gjennom åra har bygd stein på stein for å utvikle området til det det er i dag. Sjølv er han glad for å ha fått høve til å arbeide med dette.

– Jobben er utruleg motiverande – og eg har ei glød for å jobbe med dette. Eg verkeleg brenn for ei positiv utvikling i lokalsamfunnet mitt og der barna mine veks opp og det er ”priceless” å vakne opp og få gå på ein jobb som eg synest er kjempeartig, strålar han.

Færøy vil arbeide med Øvre Stordal på heiltid ut året – innleigd som konsulent – og så blir det ei styreoppgåve å ta stilling til vidare struktur og organisering.

– Kvar ser du føre deg Øvre Stordal er om fem år?

– Då er hotellet på plass, ziplina er på plass, Arena Overøye har vokse og det er kring ti årsverk i arbeidet med dette, i tillegg til ein del deltidstilsette som til dømes guidar, seier han. I tillegg har ein henta ut synergieffektar på tvers av eksisterande selskap, lag og organisasjonar i området og etablert ein fleksibel organisasjon der til dømes alt av billettsal til aktivitetar er samla i ein funksjon, det same med teknisk drift og så vidare.

– Ting høyrer saman og vi må halde fram med å byggje merkevara Øvre Stordal på det, avsluttar han.

Britt Ingunn Maurstad
britt@storfjordnytt.no