Utfordringar i næringslivet som følgje av korona

Ordførar i Fjord kommune, Eva Hove, håper at folk flyttar minst mogleg på seg i tida framover, sjølv om dei lokale karantenekrava vert oppheva.

Frå min posisjon som ordførar i ein liten kommune i Møre og Romsdal, er det godt å sjå at det vert arbeidd på tvers av tradisjonelle partipolitiske skiljeliner for å kome fram til tiltak som kan vere kraftfulle og målretta i ei tid der landet vårt står overfor store utfordringar. Tida vi er i, krev det av oss!

I kommunane arbeider vi så godt vi kan for å tilrettelegge for det som kan kome, ikkje minst det vi skal kunne takle innan helse og omsorgssektoren som følgje av koronaepidemien. Det kan vere utfordrande nok.

Det skal heller ikkje stikkast under ein stol at vi er sterkt uroa for dei konsekvensane som denne situasjonen påfører mange arbeidstakarar og mange næringsdrivande.

Det er bekymringsfullt å sjå kor arbeidsløysa stig, og ein kan verkeleg lure på korleis vi skal kome oss etter dette!

Fjord kommune er ein kommune med mange små – og nokre få mellomstore – verksemder. I vår kommune er det for mange snakk om å etablere sin eigen arbeidsplass, og på den måten skaffe seg eit grunnlag for å kunne bygge og bu her. Dei siste åra har det vore arbeidd målretta for å få på plass nye arbeidsplassar, mellom anna som følgje av at vi i deler av kommunen har mist mange arbeidsplassar innan møbelindustrien.

Fleire nyetableringar har kome, mange knytt til reiseliv og opplevingsturisme, men også lokalmatprodusentar, små teknologiverksemder, mekaniske verksemder, ulike småprodusentar m.m. Gjennom å samarbeide med kvarandre, prøver dei å kunne tilby noko som kan gi grunnlag for utkomme og busetjing. Felles for mange er at dei så vidt har sett beina under seg, men har inntil nyleg hatt godt mot og tru på at dei skal vere liv laga. Prognosar om auka reiselivsaktivitet har til nyleg vore oppmuntrande. Mange har hatt gode bestillingar som no er kansellerte – andre verksemder har blitt stengde som følgje av nasjonale eller lokale pålegg relatert til smittevern.

Vi prøver å ha gode lyttepostar og god kontakt med verksemdene no. Mange melder at dei slit kraftig som følgje av inntektsbortfall og omsetjingsstopp. Lån vert nok innvilga, men for mange vil det likevel ikkje vere muleg å klare seg, ettersom dei no går utan inntekter. Det er heller ikkje særleg gode utsikter for dei komande månadene. Mange av verksemdene har svært ujamn omsetjing, og der sommarhalvåret er avgerande, er no svært urolege, ettersom det ser ut til at sommarsesongen i år vil verte mager. Ei ordning som ivaretar småbedriftene og oppstartsverksemdene på ein måte som gjer at dei kan kome seg igjennom desse utfordringane, er altså viktig for oss. Likeeins er det viktig at det vert rigga ordningar som gjer at produksjonen innan landbruket heller ikkje stoppar opp. Og det hastar!

Eg ynskjer dykk lykke til med det viktige arbeidet i Stortinget og set min lit til at de tar mine innspel med vidare.

Med helsing, 

Eva Hove
ordførar