Vegen mellom Eidsdal og Geiranger vert stengt

Vegen mellom Eidsdal og Geiranger vert stengd kl 18 grunna rasfare. Arkivfoto frå ein vinter det var godt med snø også i lågareliggande strok.

Møre og Romsdal fylkeskommune stenger fylkesveg 63 Eidsdal-Geiranger frå klokka 1100 onsdag 5. februar grunna skredfare. Det blir sett inn beredskapsferje mellom Geiranger og Hellesylt.

– Den siste veka har det kome mykje snø. No får vi høge temperaturar og store nedbørsmengder. Det gir stor skredfare. For å ta vare på tryggleiken til trafikantane og dei som jobbar på vegen stenger vi derfor fylkesveg 63 mellom Eidsdal og Geiranger, seier seksjonsleiar Torgeir Bye i Møre og Romsdal fylkeskommune i ei pressemelding.

Beredskapsferja blir sett inn og første avgang frå Hellesylt til Geiranger er klokka 1230.

Ny vurdering av skredfare blir gjort i morgon, torsdag 6. februar, når det blir dagslys.

BIM