Vil gjerne gjere det enno betre

Einar Waldal er ein lidenskapeleg trearbeidar og ved dreiebenken har han brukt mykje tid. Då dei bygde stor garasje og reiskapshus på Ellingsgarden i Valldal, laga han eit snikkarverkstad i den eine enden og fekk samstundes på plass eit loft.

– Det var i 1998 og for å kome oss opp på loftet trengde vi ei trapp. Eg kontakta Kjartan Gjerde og han drog litt på det og sa. «Eg er åtteti fire år no, men eg skal prøve». Eg trur det var den siste trappa han laga, seier Einar.
Du finn eit biletgallerie på slutten av artikkelen.

Den fyrste

– Den fyrste dreiebenken eg fekk tak i kom frå Stordalsholmen. Ivar Holmen ville gjerne leige naustet vi ikkje lenger hadde bruk for i bugen, der bensinstasjonen står i dag. I byte fekk eg ein gammal tredreiebenk. Det var ein trøbenk, men det var ikkje lenge eg orka å trø medan eg dreia, så eg fekk sett på ein motor.

Einar Waldal jobba i Stordal i ti år på Hove møbler, Han kom attende til Valldal i 1974 og tok saman med kona Bodil over garden og nabogarden der ho kom frå.

– Då vi flytta til Valldal og tok over gardsbruka vart det lite med trearbeid. Garden var det ikkje mykje drift i og vi starta opp med jordbær, grønsaker og potet. Etter kvart bygde vi løe, høytørke og kjølerom. Vi hadde om lag 50 sauer, men etter kvart vart det meir og meir av jordbær og det tok det meste av tida og arealet. I 1987 sende vi sauene for godt og innreia løa til hyblar for jordbærplukkarane. Då dottera vår kom attende og tok over garden, pensjonerte eg meg. Eg var då 62 år og fekk betre tid, seier Einar Waldal.

Den store bandsaga

Storfjordnytt treffer den glade dreiaren i verkstaden i Ellingsgarden. Ute er det litt surt og han har fyrt opp i omnen. God lukt, treprodukt og emne over alt. Handverktøy og store og små maskiner.

– Dette er ei kombimaskin, den kan eg bruke til mykje. Den har både sag, høvel, dimensjonshøvel, fres og borestativ. Den kjøpte eg frå eit nedlagt snikkar verkstad i Ålesund. Arne Eide, ein utflytta eidsdaling, jobba der og han har vore jamnt her i verkstaden og nytta maskiner og utstyr. No gjer han ikkje det lenger.

Midt i lokalet står ei stor gammal bandsag. Den har òg ei historie. Den fekk Einar kjøpt etter at han var med og rydda saman med Einar Hove på gamle Sverre møbler i Liabygda. Det er ei god sag og han nyttar ho ofte. Med på kjøpet fekk han eit stort flott samansettingsbord. Det står i verkstaden og er eit kraftig trebord med gjennomgåande hol over heile flata. Der monterte dei luftsylindrar som pressa saman ulike ting som skulle limast. Då det stod i Liabygda var det montert på ein bukk slik at det kunne roterast 180 grader og nyttast på begge sidene samstundes.

– Eg reparar litt gammalt som oss sjølve har og litt kjem no innom. Det ligg litt av kvart her, eg er ikkje flink til å kaste, det kan jo hende eg for bruk for det, ler Einar Waldal. 

Ny generasjon

– Det var kjekt då dottera vår kom attende og tok over garden. Då kunne eg nytte tida mi på ein annan måte. Eg har vore medlem av Norddal husflidslag lenge. Det har ikkje vore så mange mannlege medlemmer. Då eg vart med var det Bjarne Ødegård, Bjørn Ove Tafjord og eg, det eg kan hugse. Det burde vore fleire. Handverk er det er kjekt å halde på med, du held liv i eit fag på eit vis.

– Ein vordande far og møbelsnikkar har nytta verkstaden i det siste, for å lage ei vogge mellom anna. Det er kjekt å ha folk i verkstaden og som kan nytte seg av fasilitetane. Med så mykje maskiner og utstyr var det tidlegare vanleg å nytte Lieds verktøy for å slipe knivar og sagblad. I dag er det dyrare å slipe eit sirkelsagblad enn å kjøpe eit nytt.

– Av og til tek eg meg saman og ryddar, blåser maskiner og verkstaden rein. Det går ikkje lange tida før det ser likeins ut. Eg får bestillingar på ulike ting. Det er alltid kjekt å få utfordringar, seier Einar som står ved dreiebenken der han har eit emne av blodbøk som han skal lage snapskoppar av. Slike har han laga mange av.

Bakedamene med kjevlene

Sist haust var han på lefsefestival i Malmefjorden. Der var det mykje folk og Nikka var der òg. Då vart han oppfordra til å lage eit stettefat til å ha lefse på. 

– Det skal vere stettefat då veit du. Eg har laga nokre som ligg klare når hausten kjem att. Eg har reist litt rundt på messer, i nærområdet. Då har eg vore i lag med Oddbjørn Kleppe, beltemakaren. Den viktigaste salskanalen er husflidshjørnet og husflidsmessa i Valldal, det har det vore lenge, seier Einar.

Oppfinnsam

– Eg var på Ytste Skotet i lag med sonen vår for lenge sidan og då fekk eg spørsmål om eg kunne dreie oppatt nokre av dei gamle kjevlene. Det kunne ikkje vere noko lett sak, så eg sa eg kunne prøve å lage ei ny. Sidan den gongen har det vorte mange, veldig mange kjevler av ulike slag og storleikar For barn og for bakedamer og for store karar med store hender, seier Einar som ikkje har tal på kor mange det er snakk om.

Når det bakast lefser, skal det nyttast ei rutakjevle. Lett var det å lage ein mal og ei løysing på spora som går rundt omkrinsen, men å få spora som går på tvers til å stemme, det brukte Einar ei stund på å finne ut av. Etter mykje spekulering kom han opp med ideen om å nytte ein del av bandsagbladet til å lage eit tannhjul av, monterte det på ein sirkel av tre på ein mal. Han fekk på det viset eit klikk for kvart spor og ei nøyaktig jamn fordeling av dei langsgåande spora. 

– Det gjer godt å finne ut av det du har spekulert på ei stund, seier den oppfinnsame og nevenyttige karen i Ellingsgarden. 

Dei fleste kjevlene er av bjørk, eik er òg nytta. Nokre vil ha litt tyngre kjevler og då passar det godt med eik. Bakedamene veit korleis dei vil ha det og i butikken til Einar finn dei ei som passar eller så lagar han ei.

– Det er ein kjekk hobby og det er ei velsigning å ha denne interessa og verkstaden, seier Einar audmjukt.

Nyttige kurs

Det står ei løvsag med motor som ikkje er noko farleg. Den fekk Einar tak i slik at barnebarna kunne ha å halde på med når dei var i verkstaden. 

– Men så fekk dei seg mobiltelefon, legg Einar til.

Alt har ein plass og det er det mykje som har. På ei hylle oppunder taket har han ein mal til ei rismatte. Det var på eit kurs i Borgundgavlen han fekk meir kunnskap om rismatter og sopelimar og dei nytta bjørkeris. Einar har hatt stor glede av alle kursa av ulikt slag han har vore på.

– Å få del i andre si erfaring er ein god måte å lære på. Då slepp du gjere alle dei feila som skal til og du utviklar deg raskare, vil eg tru seier Einar.

Museet

Over verkstaden er det eit loft der Einar har samla gamle verkty og dei merkelegaste ting. Han nyttar loftet òg til lager av ferdige produkt. Vi går opp trappa som Kjartan Gjerde laga og kjem inn i fortida.

– Då vi reiv det gamle stabburet fann eg denne steingamle og forseggjorte skinnbuksa. Det er utruleg mykje rart her og tanken var å få orden på dette rotet, men det har ikkje skjedd enno, seier museumsleiaren.

Loftet er fullt av gamle og merkelege ting som Einar ikkje er heilt sikker på kva er for noko. Men mykje veit han kvar er og kva dei skal nyttast til. Langs veggen står to «tefongkister», eit enkelt vater, tindetre ligg klart, surra i hop med vieband. Ladeapparat til haglpatroner, ei kanonkule, gamle lêrsko, små og store og endå større og skomakarverkty. Det er som eit eventyr for dei som finn slikt interessant. Einar seier han gjerne vil at folk skal få sjå alt det gamle han har samla og at det då fyrst får den rette verdien. 

– Dei var sjølvhjelpne før i tida. Dei kunne mykje, dei måtte det legg han til.

Einar fyller nevane sine med svinebust og bektråd. Saman nytta skomakaren det når han sydde læret. Svinebust stakk han inn i bektråden og tvinna busta fast og på det viset fekk han bektråden gjennom det tynne holet han hadde laga med sylen sin.

Tredreiaren finn fram ein riktig gamal trebit som vart funnen på myrane framme på Langsætrane i Stordal. Einar J. Hove sende ein bit til Universitetet i Bergen for å få nøyaktig datering. Den viste seg å vere nærare 8000 år gamal.

– Eg dreia ei skål av ein del, den sprakk, men det var berre å lime saman delane. Den finnest i eit skåp på småbåthamna i Stordal. Det lukta kvae når eg dreia og eg skal seie det var riktig god kjerneved, smilar han.

Kantkjevle

Loftet er fullt av ting Einar har produsert. Bakepinner går det mykje av, der ligg dei klare. Ei kjempekjevle av ask og store kjevler i bjørk og eik fyller ei kasse.

– Det kom ein kar og sa eg laga for små kjevler. Kva er det du seier, dei fleste er no godt nøgde, eg har ikkje høyrt noko, sa eg då.

– Jo du skjønar gnuane mine tek nedi når eg bakar fekk eg til svar. Og då fekk han ei så stor som denne, eg laga to når eg fyrst var i gang, seier han.

Av morelltre, syrin og oliventre heng øyrepynt på eit forseggjort stativ. Små stetteglas med tre ringar rundt. Så små, så små.

–   Det er det minste eg har dreia, seier Einar.

Rangler av tre med seks ringar som ranglar. Eit av oldebarna til Nelson Mandela har ei slik, får Storfjordnytt vite. Her er det mykje, vi vassar nærast i produkt. Ei pizzakjevle og ei kantkjelve. Kantkjevle, kva er det spør Storfjordnytt.

– Bakedamene seier lefsene vert tynnast på midta når dei kjevlar dei ut, og då nyttar dei denne kantkjevla til å tynne dei ut på kantane, er svaret

Aldri heilt utlært

– Det kjennast alltid godt å verte ferdig med noko, og kjekt, men eg vert aldri heilt nøgd. Det er det eg strevar etter, å verte heilt nøgd. Nokre gongar kan det vere mannen, andre gongar emnet, men noko er det som regel alltid. På eit av kursa eg var på sa kurshaldaren at den gongen eg trur eg er utlært, då sluttar eg. Du vert liksom aldri utlært i dette faget, var hans konklusjon, humrar Einar.

Det fyrste dreiekurset Einar var på, var i Eidsdal og det var Per Rønneberg som var kurshaldar. Bjørk er mykje brukt til dreiing, det er ein anvendeleg tresort og tilgjengeleg ikkje minst, og kan brukast til det meste. Materialet Einar nyttar får han tak i på eigen gard der dei òg har ei bandsag til å lage material med, eller han får kjøpt det på Omenås sagbruk. Der får han òg tak i rå linoje som han nyttar til å sette inn produkta med. På enkelte skåler og bollar nyttar han annan olje. Ofte tek folk kontakt med han når dei har saga ned ei stort frukttre eller ein annan spennande tresort. Det har det kome mange kjekke dreieopplevingar ut av, seier Einar Waldal.

Ein oval ølbolle

– Ei utfordring eg fekk var å lage ein oval ølbolle. Korleis får eg til det? Då dreia eg ein bolle av eit skikkeleg rått trestykke og pussa det ned så godt eg kunne. Så var det å la tida gjere resten. Utfordringa er å få det til å tørke langsamt for å unngå at treet sprekk. Eg la det i sagmask eller du kan balle det inn i avispapir. Langveden vil krympe mindre enn tverrveden og på det viset vert bollen ikkje rund og tilnærma oval. Eg er i verkstaden når eg ikkje har anna å gjere og når vêret er dårleg. Eg likar godt å vere ute i naturen, avsluttar Einar Waldal.

Alfred Nilsen
alfred@storfjordnytt.no