Nytt tilfelle av covid-19-smitte i Fjord kommune

Skjermleser
Denne siden har en skjermleser som leser opp teksten i artikkelen. Du kan styre skjermleseren med knappene.
Trykk på for å starte skjermleseren.
Trykk på for å pause skjermleseren.
Trykk på for å stoppe skjermleseren.
Trykk på for å lese denne informasjonen igjen.
Skjermleseren velger en tilgjengelig norske stemmer fra din nettleser.
Har du problemer eller innspill til skjermleseren, så meld det inn til avisens kundeservice.
Det er påvist eitt smittetilfelle i Fjord kommune. Vedkomande som har testa positivt på covid-19 er i isolasjon. Nærkontakter til den smitta er i karantene.
I samråd med kommuneoverlegen har vi ut frå eit føre-var-omsyn bestemt at elevar i tre klasser ved Stordal skule inntil vidare skal ha heimeundervisning, skriv Fjord kommune på heimesida si. Av same grunn er det bestemt at alle aktivitetar i Stordal, slik som treningar, kor, song, korps og andre større samlingar skal opphøyre fram til prøvesvar for nærkontakter ligg føre. Det er sett i gang smittesporing.
Vi minner elles om den generelle oppmodinga om å halde avstand, følgje alle smittevernråd og redusere sosial kontakt.