Konsert for små og store, men ikkje for dei fisefine

Skjermleser
Denne siden har en skjermleser som leser opp teksten i artikkelen. Du kan styre skjermleseren med knappene.
Trykk på for å starte skjermleseren.
Trykk på for å pause skjermleseren.
Trykk på for å stoppe skjermleseren.
Trykk på for å lese denne informasjonen igjen.
Skjermleseren velger en tilgjengelig norske stemmer fra din nettleser.
Har du problemer eller innspill til skjermleseren, så meld det inn til avisens kundeservice.
Komande søndag, 20. september, inviterer Valldal Hornmusikklag til noko dirigent Elisabeth Grønningsæter-Olsen kallar draumekonsert for små og store – og ikkje for dei fisefine.
– Kvifor barnekonsert?
– Det er kjekt å gjere noko for barna, og dette blir ein draumedag med både korpsmusikk og film, seier ho og legg til at ingenting er så gøy som å engasjere barna. Dessutan er dei verdas ærlegaste publikum. Likar dei det dei ser og høyrer, gir dei uttrykk for det – og likar dei det ikkje, gir dei uttrykk for det også.
Dirigenten fortel at alle i korpset kjem til å kle seg ut, det skal ho gjere sjølv også, utan at ho heilt har bestemt seg for kva det blir enno. Likevel, allereie no kan ho love at det blir opptil fleire dyr, truleg ein byggmeister Bob – og kanskje ei Elsa. Om publikum har lyst til å kle seg ut, får dei sjølvsagt lov til det, men det er også lov til å kome utkledd som seg sjølv – om ein vil det.
Repertoaret denne søndagsettermiddagen blir både frå filmane «Jungelboken», «Madagaskar», «Planes» og «Frozen» – det blir eventyr og ymse anna. Allsong og dans og andre ablegøyer ser ein heller ikkje vekk frå at det blir. Dessutan blir songelevar frå kulturskulen med og syng saman med korpset.
– Eg trur dette blir veldig kult, seier Grønningsæter-Olsen som trur at dette vil passe for både små, større og store barn.
Dermed vert alle oppmoda til å leggje søndagsturen til Martin Linge-huset i Valldal komande søndag.