Bil av vegen på veg ned frå Dalsnibba
Skjermleser
Denne siden har en skjermleser som leser opp teksten i artikkelen. Du kan styre skjermleseren med knappene.
Trykk på for å starte skjermleseren.
Trykk på for å pause skjermleseren.
Trykk på for å stoppe skjermleseren.
Trykk på for å lese denne informasjonen igjen.
Skjermleseren velger en tilgjengelig norske stemmer fra din nettleser.
Har du problemer eller innspill til skjermleseren, så meld det inn til avisens kundeservice.
Politiet melder onsdag kveld, 5. august, klokka 20:49 på Twitter at naudetatane er på veg til Dalsnibba der ein bubil har køyrt av vegen på veg ned frå Dalsnibba og om lag 50 meter ned ei skråning. Det var to personar i bilen. Personane skal tilsynelatande vere uskadde.
Uhellet har skjedd i den første svingen på veg mot Dalsnibba – eller for dei uheldige i bubilen som var på veg ned derifrå, blir det siste svingen.
Politiet melder på Twitter kl 21:04 at ambulanse er framme på staden. Dei to personane har kome seg ut av bilen sjølve, og framstår som lettare skadde. Bilen derimot har fått store skader.
Dei to personane som var i bilen vert køyrt i ambulanse til sjukehus for behandling og oppfølging.