Storfjordnytt
1 minutt lesetid

Har du sett han Tom?

Obs! Artikkelen er mer enn ett år gammel.

Tysdag denne veka kom Mona Støre, Benjamin Brekken og Odin Jæger frå Verdens Gang innom redaksjonen til Storfjordnytt. Dei lurte på om vi kunne hjelpe dei med å finne Tom Cruise, eller om vi ikkje i det minste kunne vise dei kvar helikopteret landar. Både redaktør og annonsemedarbeidar vart svar skuldige, men vi kunne fortelje om stor helikopteraktivitet på himmelen dei seinaste dagane.

Saken fortset etter annonsa

Dei tre frå hovudstaden visste kva dei gjorde og hadde fleire planar klare. Ein lokalkjend fotograf var eit av deira fremste våpen. Ser du stjerna kan du ringe Benjamin på telefon 98 60 12 18 (og gjerne også Storfjordnytt).