Kulturskulen opnar att i dag
Skjermleser
Denne siden har en skjermleser som leser opp teksten i artikkelen. Du kan styre skjermleseren med knappene.
Trykk på for å starte skjermleseren.
Trykk på for å pause skjermleseren.
Trykk på for å stoppe skjermleseren.
Trykk på for å lese denne informasjonen igjen.
Skjermleseren velger en tilgjengelig norske stemmer fra din nettleser.
Har du problemer eller innspill til skjermleseren, så meld det inn til avisens kundeservice.
Kriseleiinga i Fjord kommune har vedteke at kulturskulen kan starte opp att med fysisk drift frå og med i dag, måndag 4. mai. Det melder kommunen på heimesidene sine.
Dette betyr at det er den delen av undervisninga som let seg gjennomføre i tråd med gjeldande reglar og smittevernråd som vert starta opp att. Det blir altså gradvis gjenopning frå og med i dag og mange elevar vil i løpet av denne veka få tilbod om «vanleg» kulturskuleundervisning med læraren sin. Dette gjeld dei som har individuell undervisning eller undervisning i lita gruppe. Dei tilboda som vert gitt i større grupper, må utgå inntil vidare.
Om det er einskildelevar som av ulike årsaker ikkje kan nytte det fysiske tilbodet, vil desse få tilbod om å halde fram med videoundervisning.