Storfjordnytt
4 minutter lesetid

Den sakna guten er funnen omkomen

Obs! Artikkelen er mer enn ett år gammel.

Guten som fall i elva ved Hotel Union tysdag ettermiddag, vart funnen tysdag kveld. Guten er stadfesta omkomen.

Saken fortset etter annonsa

Store ressursar i sving

Alt av redningsressursar som luftambulansar, redningshelikopter, redningsskøyte, dykkarar, båtar, brannvesen, politi og Røde Kors var mellom dei som saman med frivilligedeltok i søket etter guten.

Eitt av fleire helikopter som er med i søket etter den sakna guten i Geiranger.

– Forferdeleg å bli vitne til

Ivar Homlong har hatt hytte på Homlong i 30 år, han kom til staden ved Hotel Union umiddelbart etter hendinga.

– Eg kom frå Vesterås og ned til elva. Då hadde mora akkurat mista guten i elva og fekk ikkje tak i han, fortel Homlong. Han fortel at han sprang langsmed elva, på begge sider heilt ned til der denne elva møter hovudelva, men at guten ikkje var å sjå.

Homlong fortel at guten hadde på seg blå jakke og grå bukse då han forsvann i elva.

– Dette var forferdeleg å bli vitne til, og det aller verste er å ikkje kunne hjelpe sjølv om vi gjorde det vi kunne. Dette er ein trist dag, seier han og legg til at tankane hans er hos familien til guten.

Sette krisestab

Familien er turistar i Geiranger, og dei pårørande til guten vert no ivaretekne av helse og Stranda kommune sitt kriseteam.

– Stranda kommune sette krisestab då meldinga om hendinga kom og vi har følgt saka frå kommunehuset, seier ordførar i Stranda kommune, Jan Ove Tryggestad. Han fortel at det var folk frå helse på plass i Geiranger raskt, men at kommunen har forsterka dette med å sende inn tilgjengelege ressursar frå det psykososiale kriseteamet til kommunen.

– Dei er komne inn og skal bistå og hjelpe, seier han.

Ordføraren seier det er godt å sjå at den sivile beredskapen fungerer så godt, men at det er trist at eit lite barn har hamna i elva.

Saken fortset etter annonsa

– Er tryggleiken i Geiranger god nok?

– På generelt grunnlag vil eg seie at den er god nok. Det er ikkje mogleg å sikre mot for alle farer, spesielt ikkje når det er barn involvert. Det er dessverre realiteten, seier ordføraren og legg til at det er trist når noko slikt som dette skjer i ei lita bygd som Geiranger.

– Alle blir på ein måte del av det når noko skjer, seier han og avsluttar med å leggje til at han som ordførar er utruleg takksam for at alle, både naudetatar og bydefolk stiller opp på den måten dei gjer når det er nødvendig.

Krevjande arbeid

Det har vore søk i elva gjennom ettermiddagen og kvelden, og arbeidet vert karakterisert som svært krevjande.

No er det helsepersonell og gravferdsbyrå som tek seg av den omkomne.

Denne båten har ligge i elva i fleire timar, og medan Storfjordnytt stod ved elvebredden vart det fiska opp noko som kunne likne på ein sko. Ifølgje turistar som frå bubilen ser alt som skjer, fann desse to også ei lita jakke i elva.