Administrasjonssjef i Fjord kommune, Karl André Birkhol, informerte i kveld om at den første med positiv smitteprøve vart påvist om kvelden fredag 20. mars. Administrasjonssjefen seier det berre var eit spørsmål om tid før ein fekk positive prøvar også i Fjord.
Personen det gjeld skal ha vore isolert frå første kontakt med lege, smittesporing er fullført og personen er utanlandssmitta. Fleire i turfølget til denne personen er også testa, og administrasjonssjefen forventar svar på desse prøvene i løpet av helga. Han presiserer at alle dette gjeld har vore isolerte etter at dei kom til kommunen.
Britt Ingunn Maurstad
britt@storfjordnytt.no