Straumen er attende nokre stadar på Indre, men i delar av Tafjord, Geiranger og øvre del av Eidsdal er det framleis mørkt
Skjermleser
Denne siden har en skjermleser som leser opp teksten i artikkelen. Du kan styre skjermleseren med knappene.
Trykk på for å starte skjermleseren.
Trykk på for å pause skjermleseren.
Trykk på for å stoppe skjermleseren.
Trykk på for å lese denne informasjonen igjen.
Skjermleseren velger en tilgjengelig norske stemmer fra din nettleser.
Har du problemer eller innspill til skjermleseren, så meld det inn til avisens kundeservice.
Tidlegare i kveld (onsdag) melde Mørenett at heile Tafjord, Valldal, Fjørå, Liabygda, Eidsdal, Norddal og Geiranger var utan straum på grunn av ein feil på høgspentnettet.
I Norddal og nedre del av Eidsdal er straumen attende, men på strekninga frå Heimre Hjelle i Eidsdal til Geiranger, er det framleis mørkt. Mørkt er det også i delar av Tafjord, der er det nettasjon Årejuene som er straumlaus. Mørenett melder at feilen truleg vil vere retta kring midnatt. I Valldal, Liabygda og Fjørå er straumen attende.
Fjord1 melder også at det er normal trafikk att på sambandet Eidsdal-Linge.