Fjord kommune skjerpar karantenekrava frå og med i morgon, torsdag 19. mars

Skjermleser
Denne siden har en skjermleser som leser opp teksten i artikkelen. Du kan styre skjermleseren med knappene.
Trykk på for å starte skjermleseren.
Trykk på for å pause skjermleseren.
Trykk på for å stoppe skjermleseren.
Trykk på for å lese denne informasjonen igjen.
Skjermleseren velger en tilgjengelig norske stemmer fra din nettleser.
Har du problemer eller innspill til skjermleseren, så meld det inn til avisens kundeservice.
I tillegg til tidlegare karantenekrav for personar som kjem til kommunen frå utlandet, innfører Fjord kommune også karantenekrav for til- og heimreisande som har vore i store deler av Sør-Norge: Oslo, Agder, Rogaland, Viken, Vestfold og Telemark, Innlandet og Vestland. Det utvida karantenekravet gjeld frå torsdag 19. mars kl 15:00, og har ikkje tilbakeverkande kraft. I utgangspunktet vil vi be om at alle følgjer råd frå nasjonale styresmakter om å avgrense reising og vere mest mogleg i ro der ein oppheld seg til dagleg. Ser ein det likevel vere nødvendig å reise til Fjord kommune, er det nokre viktige moment ein må ta omsyn til:
· dei som har vore i dei nemnde områda, skal straks i 14 dagar karantene frå den datoen dei kjem til Fjord kommune,
· dei som kjem til kommunen frå dei nemnde fylka og ikkje har bustad i Fjord, har ikkje lov å opphalde seg i kommunen,
· dei som deler bustad med andre, må vere spesielt påpasselege og skjerme alle andre for eventuell smitteoverføring, og
· studentar og andre som vil heim til sine føresette er varmt velkomne til Fjord. Det spelar inga rolle om ein har meldt flytting eller ikkje. Det som er viktig, er at ein har et fast bustad medan ein oppheld deg i kommunen, og at karantenereglane nemnde ovanfor vert følgt.
Alle personar som veit ein har vore i kontakt med personar som er smitta, skal også i karantene. Er du i tvil om korleis reglane er, finn du svar her: Karantenereglane
Vedtaket som kriseleiinga i Fjord kommune no har fatta, er heimla i smittevernlova. Vedtaket gjeld inntil nytt vedtak vert fatta.
For å kunne til ei kvar tid kunne ha best mogleg oversikt over kven som er i karantene i Fjord kommune, vert alle som allereie sit eller skal sitje i karantene eller isolat om å melde frå om dette til kommunen til post@fjord.kommune.no og merk e-posten «karantene».
Britt Ingunn Maurstad
britt@storfjordnytt.no