Koronatiltak etter påske
Skjermleser
Denne siden har en skjermleser som leser opp teksten i artikkelen. Du kan styre skjermleseren med knappene.
Trykk på for å starte skjermleseren.
Trykk på for å pause skjermleseren.
Trykk på for å stoppe skjermleseren.
Trykk på for å lese denne informasjonen igjen.
Skjermleseren velger en tilgjengelig norske stemmer fra din nettleser.
Har du problemer eller innspill til skjermleseren, så meld det inn til avisens kundeservice.
Med grunnlag i regjeringa si beslutning av 07.04.2020, har kriseleiinga i Fjord kommune bestemt at ein planlegg for opning av barnehagane i kommunen, heilt eller delvis frå måndag 20. april, men skal vere i full ordinær drift seinast måndag 27. april. Nærmare avklaring vert gjort i løpet av første veka etter påske.
Skule, barnehage og SFO
Skulane og SFO vil verte opna for 1.-4. klasse frå og med 27. april.
5.-10. klasse vil fortsatt få heimeundervisning.
I løpet av første veka etter påske, vil vi informere om korleis dette vert gjennomført og korleis vi vil ta omsyn til smittevern for elevar og tilsette.
Fjord kommune vil samstundes vidareføre omsorgstilbodet ein har hatt i skulane og barnehagane.
Overnatting på hytta
Regjeringa har også beslutta at forbodet mot å overnatte på hytta blir oppheva frå 20. april, men anbefalinga er fortsatt å unngå fritidsreiser.
Lokal forskrift om stenging av campingplassar, bubilcamping og gjestehamner
Kriseleiinga har i dag vedteke å forlenge forskrifta frå 13. til 20. april
I løpet av første veka etter påske vil vi ta stilling til om forskrifta skal opphevast frå 20. april.
Mottaksplassar karantene/isolat
Fjord kommune vil med bakgrunn i pålegg frå regjeringa, opprette mottaksplassar i dei fleste bygdelaga i kommunen for personar som skal i karantene eller isolat.
Heile beslutninga til regjeringa – som det vart orientert om på gårsdagens pressekonferanse, finn du her: https://www.regjeringen.no/no/aktuelt/Vil-apne-samfunnet-gradvis-og-kontrollert/id2697060/