Påvist smitte i Fjord kommune

Skjermleser
Denne siden har en skjermleser som leser opp teksten i artikkelen. Du kan styre skjermleseren med knappene.
Trykk på for å starte skjermleseren.
Trykk på for å pause skjermleseren.
Trykk på for å stoppe skjermleseren.
Trykk på for å lese denne informasjonen igjen.
Skjermleseren velger en tilgjengelig norske stemmer fra din nettleser.
Har du problemer eller innspill til skjermleseren, så meld det inn til avisens kundeservice.
Ein person i Fjord kommune har nyleg testa positivt på covid19.
– Vedkomande er blitt smitta utanfor kommunen. Kriseleiing og kommuneoverlege er tett på saka, og karantene og smittesporing er sett i verk etter vanlege prosedyrar, opplyser ordførar Eva Hove.
– Nasjonale styresmakter har heile tida mint oss på at så lenge det finst smitte i befolkninga, er dette ein situasjon som vil kunne inntreffe. Det viser oss at vi framleis må vere svært påpasselege med å overhalde avstandskrav og hygienekrav, seier Eva Hove.
Ordføraren seier vidare at inntil ein er heilt trygge på at ikkje fleire personar i kommunen er blitt smitta, tek ein ingen unødige sjansar.
– Derfor vert den planlagde oppmjukinga av besøksrestriksjonane ved institusjonane våre utsett inntil vidare, avsluttar ho.