Stenger campingplasser og gjestehamner fram til og med 13. april

Skjermleser
Denne siden har en skjermleser som leser opp teksten i artikkelen. Du kan styre skjermleseren med knappene.
Trykk på for å starte skjermleseren.
Trykk på for å pause skjermleseren.
Trykk på for å stoppe skjermleseren.
Trykk på for å lese denne informasjonen igjen.
Skjermleseren velger en tilgjengelig norske stemmer fra din nettleser.
Har du problemer eller innspill til skjermleseren, så meld det inn til avisens kundeservice.
Fjord kommune vedtok fredag 27. mars ei lokal føresegn om å stenge campingplassar, bubilcampar, utleigehytter og gjestehamner for overnatting for dei som ikkje har fast bustadadresse i kommunen. Opphald i samband med strengt nødvendig vedlikehald eller tilsyn som er nødvendig for å avverge skade, er tillate.
Føresegna kan du lese her: https://www.fjord.kommune.no/_f/p51/i7c95967a-895f-43d1-ba7a-c49c38701cbb/forskrift-om-stenging-av-campingplassar.pdf
Det står å lese på kommunen sine heimesider at kommunen og sentrale helsestyresmakter på det sterkaste oppmodar folk om å unngå reiser som ikkje er strengt nødvendige ut av kommunen der ein bur. Dette er særleg grunngjeve i omsynet til smittefare. Kommunen gjer også merksam på at den einskilde har plikt til å følgje gjeldande føresegn og at kommunen ikkje har høve til å gje dispensasjon frå føresegna. Det er heller ikkje kapasitet i kommunen til å svare på spørsmål eller gje råd kring føresegna.
Ordførar Eva Hove seier i eit innlegg på Facebook at vedtaket først og fremst er gjort ut frå ei smittefagleg vurdering, men også for å gjere det lettare for dei næringsdrivande i bransjen å vite korleis dei skal forhalde seg i tida framover. Ho presiserer at alle fritidsinnbyggjarane i Fjord er viktige for kommunen, og at ho ser fram til den dagen vedtaket kan opphevast. Vedtaket om stenging gjeld i første omgang fram til og med 13. april.