Storfjordnytt
1 minutt lesetid

Stordalstunet midlertidig stengt

Obs! Artikkelen er mer enn ett år gammel.

Stordalstunet vert midlertidig stengt for besøkande. Ein av pasientane/brukarane er satt i isolasjon og nokon tilsette har blitt testa. Det melder Fjord kommune på heimesidene sine.

Saken fortset etter annonsa

Fram til svar ligg føre ønskjer kommunen å stenge midlertidig for alle eksterne (familie og venner). 

Kommunen vil understreke at det ikkje er påvist smitte eller noko som tilseier at det er Covid-19, men kommunen ønskjer å vere føre var og tek difor sine forholdsreglar. Forventa svar på prøvane er fredag 14. august.